«Fra historiske kilder er det klart at finnene var de første som befolket og nyttiggjorde seg Nordkalotten — innen norsk område betraktet de Finnmark som sitt land.»
Slik byrjar avsnittet «Finnene» på s. 44–45 i det fyrste bandet av tobandsverket Skjervøy. Et prestegjeld og et herred i Nord-Troms, som Skjervøy kommune gav ut fyrst på 1970-talet. Bøkene var skrivne av bygdebokforfattaren Maurits Fugelsøy.
Ikkje det same. Vi stussar straks over terminologien, for det er samane Fugelsøy skriv om. Finnar var rettnok det norrøne namnet på denne folkegruppa, og frå antikken er dei kjende på latin som Fenni i verket Germania av den romerske historikaren Tacitus (ca. 56–120) og på gresk som Phinnoi i verket Geōgraphikē hyphēgēsis (Geografisk rettleiing) av den vidgjetne egyptiske astronomen, matematikaren og geografen Klaudios Ptolemaios (ca. 100–170), men etter den andre verdskrigen har dette folket blitt kalla samar her til lands, og dei kallar seg sjølve sápmelaččat på nordsamisk, sáme på lulesamisk og saemieh på sørsamisk – for berre å nemne dei tre levande samiske språka i Noreg – dei andre seks–sju kjem eg tilbake til. Nemningane finn og lapp har for lengst gått over i historia som nedsetjande og krenkjande, og stoda var ikkje annleis tidleg på 1970-talet. Også internasjonalt har samane sitt eige namn på seg sjølve slege igjennom – jamfør dansk og svensk samer, finsk saamelaiset, engelsk Sami, tysk Samen, fransk Samis, russisk саамы (saamy), arabisk سامي (sāmī), mandarin 萨米人 (sami-ren), koreansk 사미인 (sami-in) og så bortetter.
Dette er så himmelropande gale at ein nesten ikkje veit kvar ein skal byrje.
Men Fugelsøy skriv at «innen norsk område betraktet de Finnmark som sitt land.» Slik han formulerer seg, er det vanskeleg for lesaren å tenkje på «Finnmark» som noko anna enn Finnmark fylke, men dét er misvisande. Finnmark fylke er ikkje noka gamal eining. Fyrst etter grensetraktaten med Sverige i 1751 og Russland i 1826 blei dette ein veldefinert del av Noreg.
Tidlegare hadde ikkje berre Danmark-Noreg, men også Sverige og Russland gjort krav på desse områda, som i Danmark-Noreg hadde status som kronkoloni. Namnet Finnmark kjem av norrønt Finnmǫrk, som var noko heilt anna enn Finnmark fylke. Norsk stadnamnordbok (2. utg.) fortel at i gamalnorsk tid blei Finnmǫrk (marka eller grenseområda der det bur samar) nytta –
utan fast geografisk avgrensing, ikkje berre om det som no er Finnmark, og om dei russiske, finske og svenske «Finnmarker», men også om dei indre fjell- og skogstroka lenger sør, i alle fall sørover til fjella mellom Namdalen og Jämtland.
Nokre liner lenger nede legg dei til at Knut Bergsland (1914–1998), professor i finsk-ugrisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, meinte at det i gamalnorsk tid «fanst slike samemarker utanom det organiserte norske riket også lenger sør, mellom anna kring Røros og vidare sørover». Eg sit og skriv denne artikkelen på Jevnaker, og det er naturleg å nemne at det budde samar her på Hadeland i mellomalderen. Snorre Sturlason nemner dette i Soga um Halvdan Svarte – her i Steinar Schjødt si omsetjing av Noregs kongesoger frå 1900:
Kong Halvdan var paa Hadaland i joli. Der gjekk de underlegt til um joleftan; daa dei hadde gjengi til bords, og dei var oversleg mangmente, so kvarv all maten og alt øle burt fraa borde. Kongen sat hugsjuk etter, men alle hine gjekk kvar til sitt. Men for at kongen kunde faa vita, kven som var skuld i dette, lét han taka ein finn, som var trollkunnug, og vilde nøyda han til aa koma fram med sanningi, og pinte han, men fekk ingin-ting utav han.
Men tilbake til Fugelsøy. Slik held han fram etter sitatet fremst i artikkelen: «Kong Håkon V søkte å hjelpe dette flyktningefolk som var blitt forjaget fra sitt hjemland et sted i Midt-Europa.» På neste side utdjupar han:
Hvor finnene hadde sitt tidligere hjemland, har det vært fremsatt flere gjetninger om. Det kan være gode grunner til å holde seg til hva finlenderne — som også er et innflytterfolk på Nordkalotten — har å si om sin herkomst. De har ved inngående forskning fastslått at Ungarn er deres tidligere hjemland, og at de ble fordrevet derfra av et asiatisk folkeslag. Da finnene (samene) er sterkt språklig beslektet med finlenderne, er det sannsynlig at også dette folk har bodd i Midt-Europa, et sted i nærheten av Ungarn.
Dette er så himmelropande gale at ein nesten ikkje veit kvar ein skal byrje, men lat meg i det minste slå fast at korkje samane eller finnane (Fugelsøys finlenderne) er «innflytterfolk på Nordkalotten» – om vi ser bort ifrå at alle medlemer av arten Homo sapiens utanfor Afrika opphavleg er innflyttarar, for det er ei anna historie. Fugelsøy freistar – vonleg av vankunne – å framstelle det som om landet Noreg frå dei eldste tider har vore landet til det nordgermanske folkeslaget nordmennene, og alle andre folk er framande og innflyttarar. – Kong Harald uttrykte kort og konsist korleis det heng saman, då han opna Sametinget hausten 1997:
Den norske stat er grunnlagt på territoriet til to folk - nordmenn og samer. Samisk historie er tett flettet sammen med norsk historie. I dag må vi beklage den urett den norske stat tidligere har påført det samiske folk gjennom en hard fornorskingspolitikk.
I gamal tid. Både samar og nordgermanarar har budd på Den skandinaviske halvøya sidan forhistorisk tid, sidan lenge før det fanst nokon statar i dette området. Vi har ikkje noko grunnlag for å setje etniske merkelappar på dei fyrste folka som kom hit etter istida for nærmare 10 000 år sidan, men i siste helvta av tusenåret før vår tidsrekning var forfedrane til samar, finnar, svenskar og nordmenn på plass – og historia deira er i høgaste grad tett samanfletta. Dei samiske språka høyrer til den uralske språkfamilien, og språka i denne familien har ein frå dei eldste tider kunna høyre i den nordlege delen av Europa – mellom Atlanterhavet og Uralfjella. Dei uralske språka har så lang tid tilbake som vi kjenner til, vore den nordlege grannen til dei indoeuropeiske språka, og dei to familiane har alltid påverka kvarandre, i struktur og med lånord. Folk som tala uralske språk, høyrde truleg heime mellom urinnvånarane i Europa.
Dei samiske språka er så forskjellige frå kvarandre at samisk er ei språkgruppe på same måten som germansk.
Dei samiske språka har alltid lånt mange ord frå nordisk, og dei eldste er truleg frå urnordisk, det vil grovt rekna seie nordisk språk i dei fyrste 500 åra e. Kr. Mellom fleire hundre døme finst orda for ku, sau og geit. På urnordisk blei desse husdyra kalla kūR, saudiR og gaitR, som på nordsamisk heiter gussa, sávza og gáica og på sørsamisk govse, saavhtse og gaajhtse. Desse lånorda er verdfulle for utforskinga av både samisk og nordisk språkhistorie. Ein av mine favorittar er det nordsamiske ord for graut, som heiter rákca og er ein refleks av det urnordiske grautiR. Det tilsvarande sørsamiske forma er kraavhtse.
Sanningskommisjon. Fornorskingspolitikken som kong Harald nemner, byrja med misjonen på 1700-talet, og blei intensivert og systematisert kring 1860, då både samar og kvener dels blei oppmuntra eller oppmoda, dels blei tvinga til å ta til seg norsk språk og kultur. For å ta eit lite døme, heilt fram til 1950–1960-talet la mange lærarar i samiske strok mykje arbeid i å overtyde foreldra om at dei burde snakke norsk til ungane sine, og samisk språk blei så å seie utrydda i fleire nordnorske bygder. 20. juni 2017 vedtok Stortinget – med støtte frå alle parti unnateke Høgre og Framstegspartiet – at det skal opprettast ein granskings- eller sanningskommisjon:
Stortinget ber presidentskapet gjøre de nødvendige forberedelser slik at Stortinget kan nedsette en granskingskommisjon som skal være en sannhetskommisjon for fornorskningspolitikk og urett begått mot det samiske og kvenske folk i Norge.
Ti samiske språk. Det tradisjonelle samiske busetnadsområdet strekkjer seg frå dei nordlege delane av Hedmark fylke i Noreg og dei nordlege delane av Dalarnas län Sverige og heile vegen gjennom Noreg, Sverige, Finnland og Russland og til Kvitsjøen. Her fann vi fram til tusenårsskiftet ikkje mindre enn ti forskjellige samiske språk — sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk – dei tre siste på Kolahalvøya. Men i desember 2003 døydde Marja Sergina, den siste som snakka akkalasamisk flytande, så i dag reknar vi med ni levande samiske språk. For alle dei nolevande samiske språka er det utvikla rettskriving, slik at det finst ni samiske skriftspråk.
Det finst samiske ord som har nådd mykje lenger ut i verda, og rekorden har tundra.
Dei samiske språka er så forskjellige frå kvarandre at samisk er ei språkgruppe på same måten som germansk, og skilnadene mellom ulike samiske språk er ikkje mindre enn mellom dei germanske. Folk som snakkar samiske språk som grensar mot kvarandre, forstår kvarandre som oftast, men når avstanden blir større, blir kommunikasjonen vanskeleg eller umogleg. Det sørsamiske språket, som blir tala frå Mo i Rana i nord til Elgå og Trollheimen i sør og i tilgrensande delar av Sverige, skil seg sterkt frå nordsamisk, som blir tala i Finnmark, Troms og det nordlege Nordland i Noreg og i dei tilgrensane delane av Sverige og Finland. Mellom desse to har vi i Noreg lulesamisk, og i Sverige også umesamisk og pitesamisk. Dersom ein slår opp på nettsidene til det norske Sametinget, som heiter Sámediggi på nordsamisk, Sámedigge på lulesamisk og Saemedigkie på sørsamisk, finn ein parallelle sider på desse tre språka. Setninga «Språket er ein viktig kulturberar og identitetsmarkør» ser då slik ut:
Nordsamisk : Giella lea dehálaš bealli kultuvrii ja identitehtii.
Lulesamisk : Giella l ájnas kulturguodde ja iesjdåbddomærkka.
Sørsamisk : Gïele akte vihkeles kultuvreguedtije jïh identiteetemïerhke.
Nettsidene til det svenske Sametinget har også tekstar på desse tre språka, mens det finske Sametinget har sider på nordsamisk, enaresamisk og skoltesamisk. På dei to sistnemnde språka heiter Sametinget høvesvis Sämitigge og Sää´mte´ǧǧ.
To greiner. Dei samiske språka er som nemnt ei grein av den uralske språkfamilien, som har to hovudgreiner – samojedisk og finsk-ugrisk.
Dei samojediske språka blir snakka i Nord-Russland og Nord-Sibir, nordanfor dei finsk-ugriske språka, som vi òg deler i to greiner – ugrisk og finsk-permisk. Det mest kjende ugriske språket er ungarsk, som òg er det uralske språket med flest talarar. Dei to andre ugriske språka, hantisk og mansisk, blir snakka i Sibir. Når bygdeboksforfattaren Maurits Fugelsøy meinte at samane og finnane måtte stamme frå «Midt-Europa, et sted i nærheten av Ungarn», heng det sjølvsagt ihop med at ungararane snakkar eit språk som er eit fjern slektning av samisk og finsk. Men ungararane kom ikkje til det noverande Ungarn før på 800-900-talet, truleg frå område nær Uralfjella, der dei skilde lag med dei ugrisktalande folka som no bur i Sibir.
Dei finsk-permiske språka blir alle tala mellom Ural og Atlanterhavet, og den vestlegaste gruppa er den finsk-samiske, som vi deler i austersjøfinsk og samisk. Mellom dei austersjøfinske språka er estisk, finsk og kvensk. Strengt teke står dei austersjøfinske språka mykje nærmare kvarandre enn dei samiske.
Eg nemnde tidlegare at samiske språk gjennom tidene har lånt mange ord frå nordisk, men ord har òg gått den andre vegen. Vi veit alle kva ein lavvo er, og ordet kjem av det nordsamiske ordet for telt – lávvu. Men det finst samiske ord som har nådd mykje lenger ut i verda, og rekorden har tundra. Det heiter tundra på indonesisk, τούνδρα (toúndra) på gresk og ツンドラ (tsundora) på japansk, og alle kjem av russisk тундра (tundra), men russisk har lånt ordet frå eitt av dei samiske språka på Kolahalvøya, der det heiter tūndar. Den ursamiske forma var tuontǝr, som tydde 'vidde'. På nordsamisk har dette ordet blitt til duottar, og vi kjenner det att som dunder i Dunderlandsdalen.
Sidan det er Samanes nasjonaldag i dag, avsluttar eg med å seie til lukke med dagen på dei tre samiske språka i Noreg:
Sørsamisk : Læhkoeh biejjine! Lulesamisk : Vuorbbe biejvijn! Nordsamisk : Lihkku beivviin!
Rolf Theil er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved UiO. Han har halde på med samisk og finsk-ugrisk forsking attåt afrikanistikken i over 40 år.