Forskning

Året som vart så ekstremt: Er det ein klimajoker på lur?

Klimaforskarane slit med å forklare kvifor 2023 blei så varmt.

Klimarekordane i 2023 har vore så mange at eg ikkje har plass til alle i denne spalta. Den globale overflatetemperaturen låg på 1,4 °C, pluss/minus ein tidel, i 2023 samanlikna med førindustrielt nivå: ein klar ny rekord. Vi nærmar oss med det faretruande det symboltunge nivået på 1,5 °C.

Varmen kom i mindre grad til oss. Her i Noreg var faktisk 2023 eit noko kjølig år samanlikna med dei siste åra, eit av veldig få unntak på ein elles brennheit klode. Likevel var vi ikkje urørte av klimaendringane. Ekstremvêret Hans med enorme mengder regn over større område på Austlandet og etterfølgjande flaum og skred er den vêrhendinga eg hugsar best frå i fjor. Grunnlaget for denne ekstremnedbøren var rekordvarme temperaturar nede på kontinentet, som gav ekstra stor fordamping og meir vatn i skyene.

Så bratt, så bratt

Men kvifor vart klimaåret 2023 så bratt? Det veit vi ikkje heilt.

Den viktigaste faktoren er menneskeskapte klimagassutslepp som gir global oppvarming. Utsleppstrenden for CO2 og dei andre klimagassane går framleis oppover. Konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren er rekordhøg. Dei siste åra har veksten i metankonsentrasjonen, ein svært kraftig klimagass, vore rekordstor. Vi slit med å forstå den veksten òg.

Gutebarnet El Niño slår til

Frå år til år spelar naturlege variasjonar kraftig inn, og det gjeld for 2023. Det mest kjente klimafenomenet er dei naturlege svingingane mellom El Niño og La Niña, som gir store svingingar i overflatetemperaturen i det sentrale Stillehavet. Ved inngangen av året dominerte ein avkjølande La Niña, så fekk vi ein kraftig overgang til oppvarmande El Niño i juli. Med det gjekk Stillehavet frå kjølig til varmt. Dette ser vi òg i den globale lufttemperaturen, der kvar enkelt månad sidan juni har vore rekordvarm. Utover hausten vart det enno varmare, og september 2023 slo til med ein rekordstor margin på ein halv grad på den gamle toppnoteringa frå 2020. Om ein samanliknar alle september-månadar tilbake til 1940, ser september 2023 heilt spinnvill ut.

Fleire andre variasjonar har òg bidratt til oppvarminga. Sola har ein 11-årleg syklus. No er vi på toppen, som gir eit lite løft i oppvarminga. Store vulkanutbrot gir vanlegvis kortvarig global nedkjøling, men i 2022 pumpa den undersjøiske vulkanen Tonga-Hunga i Stillehavet enorme mengder vassdamp høgt opp i stratosfæren. Resultatet vart paradoksalt nok global oppvarming i 2023.

Dilemmaet med å kutte avkjølande utslepp

Vi menneske påverkar klimaet ikkje berre gjennom klimagassutslepp, men òg med utslepp av aerosolar, det vil seie små partiklar frå menneskeleg aktivitet. Sulfatpartiklar er blant desse aerosolane. I sum gir aerosolane ei avkjøling. Desse aerosolane gir òg luftforureining og resulterer i at omtrent sju millionar menneske dør kvart år. Dei merkbare helseeffektane gir oss sterke insentiv til å kutte utsleppa sjølv om det bidrar til global oppvarming. Til dømes vart utsleppskrava av svovel for skipsfart sterkt skjerpa inn i 2020. Dette resulterte i færre sulfataerosolar i atmosfæren og eit løft i den globale oppvarminga. Dette kan ha vore ein tilleggsfaktor for å forklare temperaturstigninga i 2023.

Global oppvarming påverkar hav og sjøis òg. Havet har vore rekordvarmt i 2023, til dømes med ei ekstraordinær hetebølgje i overflatevatnet i Nord-Atlanteren og utanfor kysten vår. Ettersom havet er regulatoren i klimasystemet, kan det rekordvarme overflatevatnet ha bidratt til den rekordvarme lufttemperaturen. Ein annan dyster rekord var svært lite sjøis i Antarktis, endå ein bidragsytar til fjorårets auke i lufttemperatur.

Klimajoker eller ikkje?

Alle desse faktorane har spelt inn for å få til rekordvarmen. Men klimaforskarane spekulerer om det kan vere andre spesielle årsaker til varmerekorden. Kan det vere noko vi ikkje forstår godt nok, slik som at aerosolane gir større avkjøling enn forventa og dermed har skjult ein del av oppvarminga frå drivhusgassane, at klimasystemet er meir sensitivt enn det vi har trudd, eller at vi har kryssa eit vippepunkt i klimaet, slik som at Grønlandsisen står i fare for å smelte bort? Alt dette vil vere dårleg nytt i kampen mot å avgrense klimaendringane. Samtidig er det ikkje utenkeleg at forklaringa ligg i at veldig mange variasjonar har dratt i same retning, oppover, i fjor, samtidig som vi ligg inne i ein trend med sterk og kanskje akselererande oppvarming.

---

Dette er saken:

Kven: Verdas klimaforskarar undersøker klimaåret 2023. Kva: Den globale overflatetemperaturen i 2023 var nesten 1,5 °C over førindustrielt nivå, og klimarekordane er så store og mange at klimaforskarane slit med å forklare kvifor. Betyding: Klimaendringane er for alvor her.

Akademiet for yngre forskere

På morgenbladet.no skriver medlemmer av Akademiet for yngre forskere om gjennombrudd og aktuelle problemstillinger innen sine ulike fagfelt.

---

Nytt år, ny rekord?

Sjølv om 2023 vart ekstremt, kan 2024 bli enno varmare. Eit stykke utover i året vil El Niño fortsetje å pumpe opp den globale temperaturen. Dei ulike forskingsmiljøa estimerer den globale temperaturen i 2024 til ein plass mellom 1,34 til 1,58 °C samanlikna med førindustrielt nivå. Satellittmålingar viser ein rekordstor energiubalanse ved toppen av atmosfæren, styrt av ein forsterka drivhuseffekt. Den enklaste måten for jordkloden å kome i balanse på, er å skru opp temperaturen, slik at meir av denne energien kan strålast ut i verdsrommet. Vi kan med det forvente mange nye klimarekordar dei neste åra. Om nokre tiår kan det hende at vi ser tilbake på 2023 som eit kjølig og lite ekstremt år.

Mer fra Forskning