Forskning

Sjå, land som kuttar klimagassutslepp

Ny klimastatistikk frå Storbritannia og Tyskland viser kva vi i Noreg har slite med – å kutte utsleppa kraftig.

Som nordmann er det lett å tenke at nasjonale klimagassutsleppskutt er vanskeleg. Sidan 1990 har vi kutta utsleppa med berre 5 prosent og frå toppåret 2008 med 11 prosent. Då kan regjeringas klimamål om å kutte utsleppa med 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990 sjå veldig urealistisk ut. Men på dette feltet gjeld ikkje «Look to Norway», heller «Look to any other western European country». Svært mange av nabolanda har kutta utsleppa sine med mellom 30 og 60 prosent sidan 1990. Ny klimagass-statistikk frå Storbritannia og Tyskland viser store utsleppskutt, både det siste året og over dei to siste tiåra.

Lågast sidan 1879

Utsleppa i Storbritannia er utruleg nok det lågaste sidan 1879, viss vi ser bort frå ein lammande storstreik i 1926. Frå 1990 har utsleppa gått ned med 53 prosent, som kan sjå ut som ein våt draum for den jamne norske stortingspolitikar. Utsleppa har falt i alle dei siste tjue åra med unntak av hopp i etterkant av finanskriser og pandemiår.

Utsleppskuttet i 2023 var nesten 6 prosent, tilsvarande halvparten av dei norske utsleppa. Men dette kuttet kan politikarane i liten grad ta æra for. Hovudårsakene var ein mild vinter, høge gassprisar og elektrisitetsimport frå Frankrike som reduserte gassetterspurnaden. Uansett var utsleppskuttet langt større enn det som trengst årleg for at Storbritannia skal ned til netto-null i 2050, som er dit verda må for å unngå dramatiske klimaendringar.

Kol kutta

For kolforbruket må vi heilt tilbake til 1730-talet for eit like lågt forbruk. Berre i 2023 gjekk forbruket ned med 23 prosent. I løpet av fjoråret vart tre kolkraftverk lagt ned. Det fjerde kraftverket, det aller siste i landet, skal etter planen leggjast ned til hausten. Utfasinga av kol i hushald, jernbanen, fabrikkar og kraftverk dei siste 30 åra har bidratt sterkt til utsleppskutta i same periode. At det har vore ei stor endring, og det på kort tid, ser vi av at kolkraft sto for 40 prosent av elektrisitetsproduksjonen i 2012, mot minimale 1 prosent i fjor. Dette skuldast rask utbygging av fornybar elektrisitet og karbonprisar som har gjort kol dyrt. For dei som har følgt utviklinga i Storbritannia det siste tiåret, har fått med seg stadige nye rekordar med fornybar energi og tilsvarande reduksjonar for kol. Klimapolitikk fungerer.

Transportsektoren neste

Mens elektrisitetssektoren tidlegare var den største utsleppssektoren i Storbritannia, er det no transportsektoren som har overtatt førsteplassen. Likevel har alle sektorane bidratt med utsleppskutt, med nedgåande trend for industrien, bygningsmassen, jordbruket og transporten. Elektrisitetssektoren er no mindre enn alle desse fire andre. Som i Noreg har auka trafikk motverka nedgangen frå meir effektive bilar. Her kan andre land kanskje lære frå oss i Noreg ettersom vi er verdsleiande på overgangen til elbilar, ein overgang styrt av kraftig klimapolitikk over lang tid.

Er grøn vekst mogeleg?

Enno meir imponerande er at utsleppskuttet på 53 prosent sidan 1990 har skjedd parallelt med ein BNP-vekst på 82 prosent. Ein av dei store pågåande diskusjonane blant klimaforskarar er om grøn vekst er mogeleg, eller om vi må over til nedvekst og ei fullstendig omlegging av samfunnsmodellen. Dei nye utsleppstala frå Storbritannia er eit godt eksempel på grøn vekst.

Motargumentet er at Storbritannia berre har eksportert utsleppa sine, slik som at industrien har flytta ut. Ei slik utflytting har skjedd i heile den vestlege verda. Likevel viser utviklinga i Storbritannia det siste tiåret at store delar av utsleppsreduksjonane kjem frå aktivitetar som i mindre grad kan flyttast på, som elektrisitetsproduksjonen og oppvarming av bygningsmasse. Sidan 2007 har dei konsumbaserte utsleppa i Storbritannia gått ned omtrent like mykje som dei direkte utsleppa innanfor landegrensene.

Tysklands utsleppsunder

Storbritannia er ikkje det einaste landet med store utsleppskutt. Tyskland reduserte klimagassutsleppa sine med rekordstore 10 prosent i 2023, langt meir enn dei totale utsleppa her til lands. Nye kutt er venta, og analysar indikerer ein reduksjon på 64 prosent frå 1990 til 2030, i tråd med vedtekne mål. Nemnte eg våt draum for oss i Noreg?

Som i Storbritannia er ein viktig bidragsytar ein politisk styrt overgang til fornybar energi. Andre sektorar heng etter, slik som transportsektoren. Vi skal heller ikkje leggje skjul på at Putins invasjon av Ukraina og etterfølgjande energikrise i Europa og økonomiske utfordringar i Tyskland er ein del av forklaringa bak rekordkuttet. Men samtidig har politikarane brukt krisa godt til å forsterke det politisk styrte grøne skiftet.

---

Dette er saka

Kven: Carbon Brief med fleire analyserer ny utsleppsstatistikk. Kva: Klimagassutsleppa går kraftig ned i Storbritannia og Tyskland. Betyding: Utsleppskutt er mogeleg. Kan vi få det til i Noreg òg?

Akademiet for yngre forskere

På morgenbladet.no skriver medlemmer av Akademiet for yngre forskere om gjennombrudd og aktuelle problemstillinger innen sine ulike fagfelt.

---

På heimebane

Utsleppa går og vil gå nedover her til lands òg, men saktare. Ein grunn er at Storbritannia og Tyskland delvis har hatt det lettare enn oss. Mens dei avkarboniserer elektrisitetsproduksjon no, gjorde vi det for over 100 år sidan då vi bygde ut vasskrafta. Vi har òg ein stor petroleumssektor som dyttar utsleppa oppover. Når vi ein gong kjem til å fase ut olje- og gassproduksjonen, kjem Noregs utslepp òg til å falle kraftig. Ein annan grunn til at Noreg er annleislandet i Vest-Europa, kan òg vere at vi ikkje har prøvd hardt nok.

Mer fra Forskning