Bøker
– Sjølv om eg skriv om ein seriemordar, så handlar det om kjensler som er ålmenne
Forfattar Victoria Kielland har sjølv kjent kor nær galskap ei forelsking kan kome.
Seriemord: Forfattar Victoria Kielland (f. 1985) er ute med si tredje bok, med den smått ironiske tittelen «Mine menn». Boka krinsar rundt den norske seriemordaren Belle Gunness, og skildrar mellom anna korleis ho testar mennene ho møter, for å sjå om dei kan elske henne på den måten ho lengtar etter – og dermed få leve.
Katinka Klinge