Debatt
På død og liv sentralisere

Høgare utdanning
Stjernø-rapporten ynskjer å satse på det eg vil kalle enorme, institusjonelle, gjennombyråkratiserte einingar. Personleg meiner eg at ein heller bør satse på kompetanse i små einingar.
Noreg er i dag det nest mest sentraliserte landet i Europa, berre slått av byråkratiets høgborg, Frankrike. Men her til lands har ein på eit av områda so langt klard å halde seg unna einsrettinga si klamme hand: høgare utdanningssektor.
Noko ein lenge har jobba for, er at utdanning i størst mogleg grad skal vere tilgjengeleg for alle. Det handlar vel so mykje om eit likestillingsprinsipp. Den norske stat og Senterpartiet har gått inn for lik rett til utdanning, noko ein del av medlemma i Stjernø-utvalet tydelegvis har gløymd. Eg meiner me skal omfamne og vere glad for det dei mange distriktshøgskulane gjer oss i form av sysselsetjing og kultur. Men det kan det no sjå ut til å vere ein slutt på. I den mykje omtala Stjernø-rapporten vert det innstilt at regionale høgskular og universitet skal smeltast saman til enorme «landsdelsuniversitet». Samanslåinga er foreslått som eit ledd i å betre forskinga og i frykt for at det skal gå inflasjon i universitetsomgrepet. Her meiner eg ein skal sjå på heilt andre løysingar.
Til dømes har det vore snakk om ein «nettverksmodell», der universiteta og høgskulane i landsdelen knyttast saman i eit nettverk der siktemålet er å utvikle ei arbeidsdeling blant annet når det gjeld mastergradar og doktorgradsutdanningar, medan institusjonane forblir sjølvstendige. Dette er allereie sett i gong på Vestlandet mellom Universitetet i Bergen og dei omkringliggjande høgskulane. Dette er eit tiltak eg som tilhengar av levande distrikt kan applaudere.
Ein annan del av rapporten som provoserer meg, er at institusjonane på Austlandet nesten ikkje vert råka, medan ein i resten av landet skal lima seg saman over enorme avstandar. Det er påfallande kor stor arroganse rapporten syner når det kjem til samanslåingane. Dei fysiske avstandane, og logistiske utfordringane i dei rørte ved regionane, er enorme. Eg tar meg sjølv i å undre meg over geografikunnskapane til utvalets medlemmer, då dei presterer å leggje fram ein universitetsmodell der me får universitet som strekkjer seg over ein tredjedel av Noreg.
Som student stiller eg spørsmål ved den byråkratiske prosessen som vil kome når alt skal verte so stort. Til dømes må det jo verke unaturleg og vanskeleg når ein student ved høgskulen si avdeling i Sogndal skal forhalde seg til ein administrasjon i Bergen.
Til slutt vil eg adoptere eit utsegn frå rektor ved Karlstads Universitet: «Det ville være katastrofalt for landets utvikling å kanalisere pengestrømmen til bare et eliteuniversitet i Oslo.»
Erlend Sleire
Fylkesleiar, Sogn og Fjordane Senterungdom