Debatt
Bondehets utan skam
Jordbruk
I si naive, seige tru på at fattige bønder i sør skal få auka rikdom ved at dei norske tollmurane blir rivne ned, set Sten Inge Jørgensen i Morgenbladet 2. mai, desse direkte opp mot bøndene i Norge. Heldigvis finst det sporar til meir kritisk journalistikk i Morgenbladet på dette feltet enn Jørgensen sine einsidige kommentarar, men det kunne vere ønskjeleg å gå djupare inn i materien. Kva med for eksempel kjøtteksporten frå Namibia til Norge? Kven er det som har tent på den, bønder flest i Namibia eller nokre få storkonsern? Og kvifor har det aldri blitt nokon stor landbrukseksport frå MUL-landa, som slepp toll, inn til Norge?
Mange av Jørgensen sine slutningar om norske bønder er feilaktige og urettferdige. Han skriv at det ikkje er synd på dei, at mange har anna arbeid, og at dei derfor får mykje av inntekta si frå andre stader enn garden. Men dette er jo ein direkte årsak av at landbruket lønner seg så dårleg. Nedlegginga og sentraliseringa innanfor landbruket har gått rekordraskt dei siste åra, og mange av dei som framleis driv jordbruk, gjer det meir som ein dyr og tidkrevjande hobby enn for pengane. At mange av bøndene tilset arbeidarar frå fattigare europeiske land, er også ein del av bildet. Då eg sjølv som 16-åring for 22 år sidan var jordbærplukkar hos ein bonde i Sogn, var vi berre norske ungdommar som arbeidde i åkeren. I dag vil få eller ingen nordmenn jobbe for lønna som bøndene er i stand til å tilby.
Jørgensen avfeiar norsk kortreist mat med filmen Smaken av hund som bevismateriale. At det skjer kritikkverdige og uetiske ting i den norske landbruksindustrien, lar seg ikkje nekte for. Vegen å gå vidare er likevel ikkje å satse på meir industrielt landbruk i dei fattige landa, og samtidig fjerne vårt eige importvern.
Det store, liberalistiske frisleppet på den globale marknaden på 1990- og 2000-talet kan ha nådd sluttfasen, og pendelen vil truleg svinge andre vegen dei neste åra. Utviklinga viser tendensar til større bruk av eksportforbod, vi har allereie sett det når det gjeld ris.
I dagens matvarekrise vil det truleg vere mest fornuftig å få lokale marknader i sør til å fungere godt, samtidig som vi ikkje legg ned det som er att av landbruksstruktur i vårt eige land, men heller vrir støtteordningane slik at det blir større rom for drift i småskala.
Forbrukarane på si side må tåle å betale mykje meir for maten enn dei gjer i dag, slik at han kan bli produsert på etisk vis og ikkje etter samlebandprinsippet til lågast mogleg pris.
Gaute Losnegård
Historikar, ikkje bonde