«Dette heng vel ikkje heilt ihop?»
PSYKIATRI
Psykiater Sigmund Karterud har, i eit tilsvar til kronikken min «Kampen om kunnskapen» (14. juni), to bodskapar: Han vil seie frå at eg «sparker opp vidåpne dører» – altså seier noko sjølvsagt – og formidle ei bekymring om at eg «villeder offentligheten». Dette heng vel ikkje heilt ihop? Mitt ærend, for å utvide Karterud sin metafor, var å vise at det er biomedisinen som er grunnmuren i psykiatrihuset, det som gir legitimitet til at det er medisinen som «eig» dette feltet, og at dette paradigmet ikkje har vore særleg vellukka, vitskapleg sett. Så har ein bygd på både her og der gjennom historia; og det er eit snålt hus med mange fløyer, spir og arker, og sjeldant fredfullt.
Karterud syns huset er fint og harmonisk. Han om det. Han hentar m.a. fram Svein Haugsgjerd si bok Nytt syn på psykiatrien (Korrekt: Nytt perspektiv på psykiatrien) frå 1970 som døme på kor moderne det er. Ja, vi var mange som trudde dette skulle bli hovedbygninga ein gong – men i dag er det knapt eit anneks. Psykiatrien har også utstyrt seg med omgrepet bio-psyko-sosial, kan Karterud opplyse om. Men Georg Engel sitt bindestreksomgrep frå 1982 blir stort sett (mis)brukt for å halde huset saman, utan å drøfte dei paradigmatiske implikasjonane i det.
Andre dokumentasjonar på at psykiatriens hus er i god stand kan ein finne i Ulrik Malt sine lærebøker, og i programerklæringar frå Norsk psykiatrisk forening, opplyser Karterud. Men slike «meklardokument» held neppe som tekniske rapportar når hus skal inspiserast. Om alt stod så fint til som Karterud formidlar, kan ein lure på kvifor det strøymer på med psykiatrikritiske bøker og artiklar i internasjonal faglitteratur for tida, og kvifor det er så stort mistilhøve mellom det pasientar og brukarar ønskjer seg, og det psykiatrien tilbyd – slik boka Draum i våken tilstand vitna om, boka som var omdreiingspunktet for kronikken min.
Og offentligheita, som Karterud er bekymra for skal bli villeia, er truleg framleis uroa etter innsyn i psykiatriens hus under rettssaka mot massemordaren i fjor.
Tor-Johan Ekeland
Professor, dr.philos., Høgskulen i Volda