Lena Lindgrens kommentar i Morgenbladet 15. april gir eit godt eksempel på kvifor det var om å gjera å skriva Etter i saumane. Lindgren viser til boka, og samtalen mellom Hadia Tajik og meg på Kulturhuset i Oslo, der eg kom inn på Édouard Louis’ bestseljar Farvel til Eddy Bellegueule. I denne biografiske romanen blir hovudpersonen mobba og mishandla av foreldre og jamaldringar fordi han ikkje klarer å kutta ut «skrullefaktene». Klassereise og klasseflukt blir einaste måten å overleva på, skriv Lindgren, og spør kvifor «en homofil 20-årings undertrykkelseserfaring føyses vekk» og blir omtalt på nedsettande vis. Til det er å seia at det knapt eksisterer ei undertrykkingserfaring som i mindre grad har blitt føysa vekk enn den til Édouard Louis. Boka er omsett til 20 språk, og er lovprisa av kritikarar i alle land. Svært få har utfordra forfattarens bilde av samfunnet han kjem frå. I ein kortversjon av Sandra Lillebø (Vagant 30.01.15) framstår det slik:
«I hjemmene støyer fjernsyn i alle rom, maten er plukket fra supermarkedets nederste hyller og bader oftest i fett, det røykes ustanselig og drikkes altfor mye, og mens fuktflekkene får bre seg på barneværelsets vegger, er betonggulvene uten tepper og knuste ruter erstattes sjelden av annet enn papp. Hvor uskadet er det mulig å komme fra noe sånt?»
«Noe sånt» er ein by som er så forakteleg at den til og med har mista namnet sitt, Lindgren snakkar om «en fordums fransk industriarbeiderbygd». Men utanfor romanen finst byen, den heiter Hallencourt og ligg ved elva Somme i Picardie i Nord-Frankrike. Tekstilindustrien nedlagt på 1950-talet, stor arbeidsløyse, ramma av nyliberalismens herjingar. Men i det sosiale inferno forfattaren Louis reiser verda rundt og gjer seg stor på, finst det folk som prøver å få livet til å henga i hop, menn og kvinner som er glade i kvarandre, som prøver å få seg jobb, som pendlar til nærmaste by, som vil gi barna sine eit betre liv, som prøver å fri seg frå rus og vold.
Ganske sikkert finst det minst ein følsom gut med homo- eller heterofil legning som kan bli den neste kunstnaren frå Hallencourt. For ikkje å snakka om den unge jenta, som akkurat nå stoppar opp nede i ei bakgate og lyder fjetra på ein vakker arie ut frå ein radio i etasjen over, nynnar ei verselinje gøymt i ein rocketekst, ser starten på eit tv-program om global oppvarming. Å sjå, og lytta til alle dei som lever vidare i Hallencourts over heile verda, fortonar seg som ei viktigare litterær oppgåve enn å dyrka Edouard Louis i hans forgylte offerrolle.