Debatt

Høyrselsvern til middag

Det er mange forhold som gjer at det er vanskeleg å fortelje om korleis livet med eit vilt barn eigentleg er.

For det første blir ein ikkje alltid trudd.

For det andre blir opplevingane ofte relativiserte, fordi «alle barn» kan øydelegge ein Ipad, bite eit søsken, skrike i tre timar samanhengande, ete ein farleg sopp eller kome til å springe ut i vegen framfor ein bil.

For det tredje kan det bli forventa at kjærleiken til barnet og forståinga for utfordringane skal nulle ut alle vanskelege forhold. For det fjerde synest pårørande til funksjonshemma barn utan åtferdsutfordringar at forteljingar om ville barn er skremselspropaganda om det å ha eit funksjonshemma barn.

Slik er ikkje vårt barn! Nei, det er det ingen som trur. Men vi har eit slikt barn. Og vi elskar dette barnet.

Elin Ørjasæter kan eit stykke på veg skulde seg sjølv for reaksjonane som har kome, for innlegget ho skreiv om å vakse opp med ein bror med utviklingshemming og autisme, inneheldt nokre generaliseringar og påstandar om psykisk utviklingshemma som er sårande for mange, med god grunn.

Men for meg er innlegget først og fremst vondt fordi eg kjenner meg igjen. Mykje av det ho beskriv av det familielivet ho opplevde som barn, liknar på det familielivet eg tilbyr mine barn: Vi snur om det er for mange menneske på ei strand. Vi feirar 17. mai på tur i skogen. Vi sit med høyrselsvern til middag om lydnivået krev slike tiltak. Eg synest ikkje det er så ille, og eg vil ha lov til å forvente av dei to yngste barna mine at dei skal tole dette i oppveksten sin. Men då må dei også få lov til å reise på stranda og gå i 17. mai-tog med foreldra sine utan broren som ikkje toler nokon av delene, og dei må få lov til å ete nokre middagar i full normalitet. Og vi må, som familie, få lov til å ta på alvor at utagering og sjølvskading er eit problem for oss alle, ikkje berre for den som har slike utfordringar.

Det er ei kjensle av umogelegheit i familiar som min, og denne kjensla lar seg ikkje så enkelt beskrive. Hjelpetiltak fjernar ikkje all smerte frå våre liv, og mange av oss som lever slik, må ta brutale val. Eg håpar at Elin Ørjasæters innlegg kan starte ei offentleg samtale om realiteten i slike erfaringar, i staden for å starte ei kampanje av gode historier som stenger for dei vanskelege.

Olaug Nilssen er forfatter.

Mer fra Debatt