Debatt

Aakvaags jubileumstale

Gunnar Aakvaag avsluttar sin kritiske Marx-omtale i forrige utgåve Morgenbladet slik: «Allikevel er det grunn til å hylle jubilanten. Marx er det største geniet i samfunnsvitenskapens historie. Selv om han tok feil på helt avgjørende punkter».

La oss tenke oss at det ved 150-årsjubileet 14. mars 2029 blir sagt følgjande om Albert Einstein: «Han var en kjekk kar og et stort geni, selv om han tok feil på helt avgjørende punkter.» Sannsynleg? Neppe. Men innan professorbransjen er det mogeleg å seie omtrent kva som helst om Marx.

Eit av «de avgjørende punkter» i Aakvaags liste over geniets «feil» er arbeidsverditeorien, og dermed indirekte også Marx sin eigen «relativitetsteori», om den relative meirverdien, som det under jubileet var påfallande lite omtalt. At arbeidstida er målestokken for vareverdien, er ikkje noko Marx fann på, men var etablert teori via Adam Smith og Ricardo. Aakvaag trur openbert at denne teorien på sikker økonomifagleg grunnlag er tilbakevist. Han påkallar i denne samanhengen sitt heilage orakel Jon Elster og hans bok «Making Sense of Marx». Men her finn han berre banale mistydingar og utflukter.

Her finn han berre banale mistydingar og utflukter.

Det Aristoteles i si tid skjønte, var at for å kunne byte to varer, to bruksting mot kvarandre, må det finnast eit felles mål for desse to produkta. Av historiske grunnar, før det oppstod ein økonomi som er basert på produksjon for sal, på abstrakt arbeid, var ifølgje Marx ikkje mogeleg å skjøne dette. Elster og andre positivistar har aldri klart å finne noko alternativ til arbeidet som det nemnde felles målet. Eller kanskje Aakvaag kan gi oss namn og adresse til den hittil ukjende oppdagaren?

Jon Langdal

Mer fra Debatt