I svaret til «fransk småbyturist» reflekterer Estetikeren Ragnhild Brochmann over «det komplekse skillet mellom kunst og dekorasjon.»
For å definere kva kunst er, søker ho hjelp hos kunstprofessor Erik Mørstad, som seier at kunst er ei «kulturytring hvor utførelsen gjerne krever spesiell kunnskap og ønske om å bruke denne og individuelt tilpasse den til en situasjon og hensikt.»
Men dette er uklar og mangelfull tale. Ei «kulturytring» treng ikkje vere kunst, og også ein vitskapleg artikkel eller eit litterært elegant essay kan bygge på «spesiell kunnskap» og gjerne kan vere individuelt tilpassa til ein situasjon. Ei ytring er vanlegvis bygd på omgrep, som når Jordan Petersen driv moralsk opprusting av meiningslause unge menn ved å be dei rette ryggen, hugse å pusse tennene og ikkje gløyme å stå opp om morgonen. Ei kunstytring er indirekte og er festa i eit sanseleg medium: tre, stein, strekar og fargar eller levande førestillingar (litteratur).
Ei «kulturytring» treng ikkje vere kunst.
Skiljet mellom dekorasjon og kunst er svært enkel, og ikkje «kompleks». Eit kunstverk har eit ideelt, sjeleleg eller åndeleg innhald, det har ikkje ein dekorasjonsgjenstand, som slik sett er på linje med det naturvakre, til dømes eit landskap. Duchamps berømte pissoar, som Brochmann har ei rørande overtru på, er heller ikkje kunst, og av same grunn. Det er eit stunt som det ikkje er så lett å gjenta. Vi kan henge opp ein sopelime på veggen ute på Henie-Onstad, og da er den der for å bli sett på og ikkje til å koste støv med. Men kunst blir den aldri, sjølv om konseptualistane og deira kuratoriske orakel vil ha oss til å tru det.
Jon Langdal