Debatt

Moria var ein konsentrasjonsleir

Ønsker vi verkeleg ein ny leir av det same slaget, eller er det på tide å tenke nytt?

Over dei siste 20 åra har det vore ei auke i antal leirar for ulike gradar av internering rundt om i verda. I Vest-Kina er det etablert eit nettverk av leirar for «politisk opplæring» av etnisk-religiøse minoritetar. India har oppretta leirar for innbyggjarar som ikkje har moglegheit til å bevise statsborgarskapet sitt. I Myanmar er tusenvis av menneske blitt tvunge til å bu i slumliknande forhald på basis av sin etnisitet. I USA er verdas største nettverk av leirar og fengsel for forvaring av immigrantar, etablert. Men også nærare vår eigen heim finnast det leirar som høyrer til i same kategori. På Egeerøyene i utkanten av Europa finnast ei rekke flyktningleirar som er blitt beskrive som helvete på jord. Desse leirane rundt om i verda har ein ting til felles: av kritikarar er dei alle blitt beskrive som konsentrasjonsleirar.

Ordet konsentrasjonsleir er ofte assosiert med dei mest ekstreme formene dei kjem i. Nazistane brukte konsentrasjonsleirar for å systematisk utrydde heile folkegrupper under holocaust, og i Sovjet vart det oppretta konsentrasjonsleirar for å utnytte tvangsarbeid i gulagsystemet. Dessverre er dette ikkje dei einaste omstenda der konsentrasjonsleirar er brukt. I moderne historie er slike leirar blitt oppretta for internering av menneske som ein stat oppfattar som uønska, enten for å styre migrasjon av menneske, for å benytte tvangsarbeid, for massehenrettingar, eller for liknande mål.

Slike leirar spring ut frå både fysisk og juridisk makt – takka vere tvetydige lovar og reglar kan ei styresmakt kriminalisere grupper av menneske og isolere dei i meir eller mindre lukka leirar.

Leirane som er nemnd her, vart alle originalt etablert som midlertidige tiltak eller «krisetiltak», og dette gjeld også for mange flyktningleirar. Til trass for dette viser det seg ofte at leirane blir vedvarande element i landskapet. Kutupalong i Bangladesh og Mae La i Thailand er eksempel på leirar som har vakse seg gradvis større over fleire tiår under premisset om at dei er midlertidige installasjonar.

Dette inkluderer også den nyleg nedbrente Moria-leiren. Då han vart omregulert frå å vere ein militær installasjon til å bli ein flyktningleir, var han meint å huse knappe 3000 menneske. Deretter vart han innlemma i EU sitt hotspotprogram, og blei effektivt ein flaskehals som alle innkomande flyktningar måtte passere gjennom for å kunne bli registrert og sende inn asylsøknad. Dei vart tilbode konteinarar å sove i, og når desse vart fulle, blei det gitt ut presenning å lage telt av.

Det er tydeleg at mange europeiske styresmakter ser på flyktningar som uønska, og rettferdiggjer dette synet ved å anta at det er mange som ikkje fortener hjelp. Dei strenge asylkrava i Noreg er meint å luke ut grunnlause søkarar og lykkejegerar. Med stadig strengare asylkrav i landa i Europa vert fleire og fleire flyktningar sittande fast i leirar som Moria i utkanten av kontinentet.

Over dei fem åra sida leiren vart oppretta, har innbyggjartalet i Moria berre stege, og ved byrjinga av 2020 var populasjonstettleiken over dobbelt så høg som den i ei av verdas tettast folkesette byar, Manila i Filippinane. Ved å ikkje la han få ein annan status enn «leir», er all utvikling blitt uformell og slumliknande. Sjukdom har rådd, det har oppstått valdshendingar og spontane brannar. Til slutt oppfylte leiren sin skjebne ved å bli eit bokstaveleg helvete på jord – han brann ned.

No er arbeidet i gong med å bygge og busette Moria 2.0. Å akseptere bygginga av ein ny midlertidig leir på Lesvos, er i beste fall bunna i det optimistiske, men naive synet om at dette er ein midlertidig situasjon, og i verste fall bunna i genuint hat mot flyktningane og dei folkegruppene som er representerte på øya.

Ingen vil vere i den situasjonen som har oppstått etter at flyktningane tok til å entre Europa i store tal i 2015 – verken EU, dei greske myndigheitene, lokalbefolkninga på Lesvos eller flyktningane sjølv. I ei ideell verd ville ikkje nokon sett seg nøydde til å flykte frå heimen sin. Dessverre finst det ikkje eit alternativ så lenge det er uro i verda. Berre fordi situasjonen er vanskeleg betyr ikkje det at han ikkje er reell eller at han ikkje kjem til å vedvare.

Eit alternativ til Moria er å sjå realistisk på kva som skjer, og planlegge for at dette vil fortsette å skje. Ved å etablere ein busetnad som er meint å vare over ein lengre periode, kan ein sørge for at flyktningane blir møtt med stabilitet i Europa.

Ein langvarig busetnad vil sannsynlegvis ikkje vere ein mykje større økonomisk belastning eller etterlate eit større fotavtrykk i landskapet enn ein ny teltleir vil. Begge deler vil krevje infrastruktur i form av for eksempel vegar, lys og tilgang på vatn. Ein robust, langvarig busetnad vil derimot ikkje trenge den same kontinuerlege støtta frå organisasjonar og privatpersonar som Moria har krevja for å kunne oppretthalde dagleg drift. For ikkje å gløyme at det vil vere ein anstendig stad å bu medan ein ventar på svar på asylsøknaden.

Den fysiske utforminga i ein slik busetnad ville basere seg på at ein set av eit stort nok areal til å huse dei tusenvis av menneske som flyktar frå forfølging, vald eller død i heimlandet. Det neste steget ville vere å sørge for at ein etablerer strukturar i materiale som er tilpassa det lokale klimaet, og at det er god nok dekning av det ein treng, som drikkevatn, elektrisitet, helse- og sanitæranlegg. For at dette skal kunne skje, må ein ha ei klar leiing som er villig til å planlegge eit slikt prosjekt.

Det er viktig at Noreg sender klare signal om at vi verken aksepterer eller tillét bruken av konsentrasjonsleirar i handteringa av flyktningar. Vi er nøydd til å sette ein stoppar for all bruk av dette verktøyet så snart vi kjenner att han, og lenge før det slår rot som eit akseptert verkemiddel.

Runa Gjerland

Mer fra Debatt