Debatt

Eit karakterdrap frå Morgenbladet, til dels med lite redelege metodar

Eg synest Olaf Haagensens artikkel er fri for formildande omstende. Han har vore ute etter å gjennomføra eit karakterdrap, og det har han klart med glans (unekteleg med god hjelp frå mi side). Med dette meiner eg: Det har gått lang tid sidan eg skreiv det eg skreiv, 13–14 år sidan. Og no å setja saman så mange av mine verste sitat frå den gongen, når eg i etterkant (også på scena i Telemark for mange år sidan) og ovanfor Haagensen har tatt avstand frå det aller, aller meste, framstår meir som eit ønske om personlighetsdrap enn eit konfronterande intervju. Haagensen var førutinntatt. Det eg sa, kunne ikkje endra konklusjonen han hadde nådd.

Frå hans side er ingen formildande omstende blitt tatt med. Ingen teikn til tilgjeving og heller inga poengtering når det gjeld at lang tid har gått og at eg også sjølv har gått vidare.

Ein stor del av artikkelen, som gjekk på Haagensens gjennomgang av det eg har skrive, mottok eg ikkje før det var for seint å gje tilsvar.

Haagensen sine påstandar om at romanen er politisk ladd er feilaktige, til dels også uredelege.

Han freistar skapa eit bilete av at romanen har konspiratoriske trekk. Dermed impliserer han også at eg er den same personen som eg var for 13 år sidan. Med bakgrunn i at han ikkje har funne nyare uttalelsar frå meg som bekreftar innstillinga hans på dette feltet (det finst massevis av andre uttalelsar frå meg i nyare tid) gjer han seg bruk av romanen. Eg meiner det er uærlig. Det er også feilaktig og bygd på sviktande grunnlag.

Haagensen brukar følgande sitat: «Identitetsideologi hadde blitt stadig viktigare. Å framstå som god hadde blitt tusen gonger viktigare enn å vera god», for å freista setja romanen min inn ein konspiratorisk eller høgreekstrem kontekst. Eg svara han på denne anklagen i intervjuet. Eg viste til USA og utviklinga der som går mot mistru mellom to blokker, at eg har hatt dette som inspirasjon med tanke på bakgrunnen for romanens krig. Dette svaret har Haagensen unnlate å ta med i artikkelen.

– Det er feil, slik Haagensen påstår, at Arnhem har reist til Malaysia for å kjempa mot muslimar. Det er det motsette som er tilfelle, Arnhem og soldatane hans kjempar på Malaysias side, men fienden har allereie rykka inn og overteke store delar av kontrollen. (Dette burde vera irrelevant i ein roman som ikkje tek slike omsyn, men rasisme-beskyldningane ligg like under overflata i artikkelen, difor blir denne presiseringa viktig.)

– Det er feil at alle namna er angelsaksiske eller europeiske eller engelske. Ein av jegrane i patrulje sju, som er den patruljen me fylgjer gjennom romanen, er aboriginaren Tjandamurra. Dette burde sjølvsagt vera irrelevant, men er det no likevel ikkje. Romanen har eit stort antal aboriginske stadsnamn.

– Det er feil at Victoria er her som ein representant for det britiske imperiet. Ho er her som ei ung kvinne som tok eit val tidleg i denne krigen, og som betalte med livet sitt. Australia er pr i dag eit konstituelt monarki, det betyr at den britiske monarken også er Australias monark. Ho er her som eit ungt offer, som eit ideal og som australsk monark. Å påstå at ho representerar det britiske imperiet framstår for meg som tatt fullstendig ut av lufta.

– Når det gjeld Haagensens referansar til det eg skreiv om boarane. Då Haagensen konfronterte meg med at eg hadde skrive om morda på boerar i Sør-Afrika, svara eg at då eg var ung hadde eg køyrt gjennom Sør-Afrika på motorsykkel, og at eg to gonger opplevde å bli stoppa / åtvara, fordi viss eg fortsette inn i områda framfor meg (ein bydel utanfor Pietermaritzburg og eit område av Zululand), ville eg stå i stor fare for å bli drepen eller skada fordi eg var kvit. Dette gjorde inntrykk og eg kjende ei urettvise ved at slikt ikkje vart løfta fram som eit problem på lik linje med at urettar begåtte mot svarte blir løfta fram. Eg er klar over at å påpeika urettar begåtte mot boarane ikkje passar bra i det heile teket i denne konteksten, det er med på å underbygga meg som eit menneske med tvilsomme motiv, men eg ville framstått som mindre tvilsom om Haagensen hadde tatt med svaret mitt. Det har han ikkje gjort. Å setja inn formildande omstende passa ikkje med hans agenda.

Med desse påstandane freistar Haagensen både å smusskasta romanen og den personen eg er i dag. Det er ikkje nok for han å dra fram eit svært stort tal fullstendig øydeleggjande sitat frå pinligheiter og konspirasjonsstoff eg skreiv for 13 - 14 år sidan.

Med bakgrunn i at eg har teke avstand frå så godt som alt eg stod for den gongen, med bakgrunn i at det har gått så lang tid, og at det bør vera rom for å stiga feil, synest eg Haagensen sine anklagar er spekulative. Eg tykkjer ikkje dei er redelege. Romanen har ingen av undertonane han insinuerar, men dreier seg, til sjuande og sist, frå mi side, om eit humanistisk prosjekt.

Når alt dette er sagt, skal eg avslutningsvis også innrømma at svært svært mykje av det eg den gongen skreiv er frykteleg ufint, det er alt for hardt, det er feilaktig og det inneheld konspirasonsteoriar. Ingen tvil om at eg var både ein idiot og det som verre er. Men eg gjekk aldri nokon gong til åtak på ein enkeltperson på ein måte som det Morgonbladet her har gjort. Det ville eg ikkje gjort sjølv i min mest forbitra periode.


Mer fra Debatt