Ideer
Der makta rår
– Som oftast fører makt til noko bra, seier Knut Olav Åmås.
– Kven har mest makt, direktøren i Fritt Ord, altså deg, eller styreleiaren, Georg Fredrik Rieber-Mohn?
– I Fritt Ord og i alle andre liknande stiftingar er det styreleiaren som er øvste sjefen. Det er han og resten av styret som tek alle dei viktigaste avgjerslene.
– Eg spør fordi eg lurer på kva kriterier de har lagt til grunn i arbeidet med å identifisere den norske makteliten?
– Å vera synleg er nesten ikkje noko kriterium i boka. Vi har leita etter den reelle beslutningsmakta over politikk og økonomi. Posisjon tel ofte, men også nettverk og personlege eigenskapar.
– Du beklaga deg nylig («Sjokk! Vantro!») på Facebook over at det i år ikkje blei servert «begravelses-snitter» på Fafo-festen, som er ein av dei mange august-festane der kultur- og makteliten minglar med kvarandre. Dette er ei verd du kjenner inngåande?
– Haha, det var ein freistnad på å vera morsom, etter ei veke med mykje merksemd om hagefestane. Og så tykte eg det var så fint at Fafo var dei einaste som heldt på gammaldags mat … Og ja, i tjue år har slike sosiale samanhengar vore del av jobbane mine – det å møta masse menneske med idear.
– Kva har då overraska deg mest i arbeidet med boka om Norges mektigaste?
Makt er ikkje synonymt med maktmisbruk.
– Redaksjonen og eg har funne fram til ganske mange juristar og økonomar i finansnæringane fleire av oss ikkje kjende til frå før – dei som får stor makt ved å flytta pengar og papir for andre. Det same gjeld mektige byråkratar i departement og direktorat, ikkje berre på toppnivå.
– Det er ganske ofte slik at den reelle makta skjuler seg, skriv du i innleinga. De har prøvd å kartlegge dei som «virkelig trekker i trådene». Trur du det finst endå mektigare folk der ute, i blindsona åt juryen?
– Det er viktig å få fram at dei mest synlege i samfunnet ikkje nødvendigvis er dei med mest makt – ikkje i politikken, ikkje i næringslivet. Norge er eit svært gjennomsiktig og ope samfunn, men det finst sjølvsagt makt som ikkje er så synleg.
– Kven mister makt, kven får meir?
– Makta flyttar seg over tid, det er klårt. Aksel Braanen Sterri skriv godt i boka, som forresten består av 150 sider med analysar og 100 sider med lister og grunngjevingar, om at ingeniørutdanna har mista makt og juristar og økonomar har fått endå større makt.
– Kvar er avmakta størst?
– Det veit eg ikkje. Mangel på makt treng ikkje kjennast som avmakt. Dei fleste av oss vil helst vera vanlege menneske som har det bra.
– Er det sant at makt korrumperer?
– Vanlegvis gjer den ikkje det. Men mange knyter noko ibuande negativt til makt. Det er dumt. Som oftast fører makt til noko bra. Makt er ikkje synonymt med maktmisbruk.