Kommentar

Stundom er det lett å sjå at Håvamål er omsett av menn, skriv Kristin Fridtun

---

KJØNNSLIV

Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.

Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.

---

I november 2017 gav det amerikanske forlaget W.W. Norton & Company ut eit heilt spesielt verk: ei rykande fersk utgåve av Odysseen, omsett av ein professor i klassiske språk. Ingenting spesielt med det — bortsett frå at professoren heitte Emily Wilson. For fyrste gong hadde ei kvinne omsett Odysseen til engelsk.

Utgjevinga har fått mykje merksemd, og ho har vore nemnd i norske medium òg. I Klassekampen 19. mars i år skreiv omsetjar og idéhistorikar Christine Amadou ein opplysande artikkel der ho jamfører nyomsetjinga til Wilson med eldre Odysseen-omsetjingar. Den fyste engelske omsetjinga kom i 1614, og sidan den gongen har minst seksti karar omsett verket til engelsk. No har endeleg ei kvinne gjort det.

Har det noko å seia, spør Amadou. Og svarar: Ja, faktisk.

Det finst kvinner som ukritisk eignar til seg tenkjemåtane og tradisjonane som rår i mannsdominerte miljø, men det finst òg kvinner som nærmar seg slikt med kritisk distanse og friske augo, slik Emily Wilson har gjort. Omsetjinga hennar er ikkje meir ideologisk enn arbeidet til føregjengarane hennar, om nokon skulle tru det. Det er snarare slik at Wilson avslører kor lite nøytrale dei andre omsetjingane er.

I ein artikkel i The New Yorker gjev ho oss eit råkande døme. I 22. song vert Telemakos beden om å drepa dei kvinnelege slavane som har lege med friarane til Penelope. I engelske utgåver vert kvinnene gjerne framstilte som lausaktige og omtala som ulydige eller illojale hushjelper. Wilson påpeikar at originalteksta ikkje gjev grunnlag for slik ordbruk. Så kvifor har ein heil drøss med omsetjarar skildra kvinnene som flyfiller?

Artikkelen til Wilson fekk meg til å tenkja på eit anna kanonisk verk: Håvamål. For nokre år sidan saumfór eg den norrøne originalteksta samstundes som eg las dei norske omsetjingane. Eg oppdaga fleire underlege ordval i omsetjingane, og eg mistenkjer at ordvala har med kjønn å gjera. Sjå berre her:

Kunne ei kvinne ha omsett «den gode kvinna» med «søtjenta»? Eg tvilar.

I Håvamål (strofe 96—102) fortel Odin korleis han ein gong vart sviken av ei kvinne. Handlinga er i grove drag slik: Han møter draumedama, ho lovar at det skal bli dei to, men ikkje no straks — han må koma att seinare. Då Odin neste morgon kjem og skal møta henne, er ho sporlaust borte, og på senga hennar ligg det ei tispe. Kvinna har rundlurt han og spotta han på det grovaste.

I originalen er scena med tispa skildra såleis (strofe 101):

Grey eitt ek þá fann

innar góðu konu

bundit beðjum á.

'Ei tispe fann eg då, bunden fast i senga til den gode kvinna.'

Odin brukar adjektivet «góðr» om kvinna, og dette ordet har den same tydinga i norrønt som i moderne norsk. Me brukar det om personar som er dugande, venlege, heiderlege og velgjerande. Då skjønar me at ordet er nytta ironisk i denne strofa. Odin er bitter og vonbroten: Sjå kva den «snille» dama gjorde mot meg!

Ivar Mortensson-Egnund (født 1857) valde å omsetja bolken slik:

Paa lega, der fyrr

den fagre sov,

laag no ei bikkje i band.

Den fagre? Ja vel.

Hjå Ludvig Holm-Olsen (født 1914) går halvstrofa slik:

[E]n bikkje fant jeg

bundet på senga

der min søte venn hadde sovet.

Ja så, ho er søt òg!

Knut Ødegård (født 1945) må ha meint at Holm-Olsen var på sporet av noko, for Ødegård nyttar same adjektivet i omsetjinga si frå 2013:

I senga, der før

søtjenta låg,

var no ei bikkje bunden.

Når tre av tre omsetjarar vel å bruka eit adjektiv som dreg tankane våre mot utsjånaden til kvinna, kan me tala om ein tradisjon. I dei norske utgåvene av Håvamål er kvinna fin å sjå på.

Eg meiner ikkje at det er ravande gale å omsetja «god» med «søt». «God» er eit mangslunge adjektiv med mange tydingar — og nettopp difor er det så påfallande at alle omsetjarane har valt å skildra kvinna som vakker og yndefull. Kva skjedde med adjektiv som venleg, snill, grepa, mild og godlyndt? Kunne ei kvinne ha omsett «den gode kvinna» med «søtjenta»? Eg tvilar.

Sjølv ville eg kanskje ha omsett halvstrofa slik:

Berre ei bikkje

låg bunden på senga

der fagnakvinna låg før.

Små nyansar kan ha store konsekvensar. Folk flest les klassiske verk i omsetjing, og dersom omsetjarar vel å framstilla kvinner som lausaktige og vakre når originalteksta ikkje gjev grunnlag for det, får lesarane eit skeivt inntrykk av både teksta og den kulturen teksta vart til i. Me trur at me vert presenterte for det originale kvinnesynet, men det me faktisk får, er kvinnesynet til omsetjaren.

Kristin Fridtun har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).

Mer fra Kommentar