---
KJØNNSLIV
Kjønnsliv er en spalte om kultur og biologi, feminisme og anti-feminisme, kjærlighet og kjærlighetskamp.
Spaltistene er Kristin Fridtun, Espen Ottosen, Nora Mehsen og Kyrre Wathne.
---
Eg bed ikkje om medkjensle, men eg må berre få sagt det: Debattar om transtemaet skremmer vitet av meg. Problemet er ikkje fyrst og fremst at temperaturen er høg, for det er han som regel når noko står på spel, og slik må det vera. Det som skakar meg, er at deltakarane ser ut til å vita kva dei meiner. Dei har eit standpunkt. Dei står i debatten. Korleis i all verda greier dei det?
Sjølv finn eg ikkje ut kvar eg skal stå. Eg vinglar att og fram, og eg har tenkt at eg bør teia still og halda meg i bakgrunnen fram til eg har gjort meg opp EI MEINING. Difor seier eg som regel nei og vrir meg unna når nokon inviterer meg til å delta i paneldebattar om trans. Det er ikkje spesielt gjevande å høyra på ein debattant som slår ut med armane og seier: «Eg anar ikkje!»
Samstundes veit eg at debatten er open for oss rådville òg. Tvilen har til og med vore etterlyst. I eit lesarinnlegg i Dagbladet 7. august skriv tre representantar frå Harry Benjamin ressurssenter (HBRS) at dei saknar «historiene til de som er usikre på hvem de er, og som trenger tid og hjelp til å finne identiteten sin. Vi savner også historiene om de som ombestemmer seg». Den tvilen dei etterlyser, handlar nok primært om å vera uviss på eigen kjønnsidentitet, ikkje om å vera ein vaklande debattant. Men for meg heng dei to sakene saman.
No må det seiast at eg ikkje hoppar inn i debatten med heilt blanke ark. Nokre transrelaterte meiningar har eg. Eg synest til dømes det er ein god hovudregel at folk sjølve avgjer kva kjønnstilhøyrsle dei har. Som lækjar og sexolog Esben Esther Pirelli Benestad sa på intervjuprogrammet Torp (NRK2, 5.9.2018): «Dersom ein ikkje skulle velja [kjønn] sjølv, kven skulle då gjera det? (…) Me har ingen heilt objektiv storleik som kan seia at 'du er'.»
I Torp-intervjuet vart fleire andre omstridde emne drøfta, til dømes den medisinske behandlinga av transpersonar. Eg tykkjer Pirelli Benestad kom med vituge svar. Eg tykkjer som regel det – dei faglege kunnskapane hens, den personlege røynsla, vidsynet og den imøtekomande samtalestilen har støtt verka tillitvekkjande på meg og gjer det framleis. Eit tema som derimot ikkje vart diskutert i intervjuet, er tilhøvet mellom trans og feminisme, transkvinner og andre kvinner. Og det er her det verkeleg brenn. Mange reagerer på at transkvinner får tilgang til kvinnegarderobar, og spørsmålet om kor vidt transkampen og kvinnekampen går i hop, vekkjer jamleg debatt – seinast no i sumar.
Eg veit ikkje korleis me best kan sameina transkamp og kvinnekamp. Men det eg veit, er at eg dei siste åra har glide litt bort frå det eg oppfattar som hovudstraumen i det synlege transmiljøet. Eg har nemleg missa trua på å kalla nokon «cis».
Eg trur ikkje at det er kroppen min som er problemet, men kvinnerolla.
Den latinske preposisjonen «cis» ('på denne sida av') har ei stund vore nytta som motsats til preposisjonen «trans» ('over, gjennom, på den andre sida av'). Slik er det til dømes i Lhbti-ordlista til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet: «Å være cisperson/ciskjønnet/cis betyr at du identifiserer deg med det biologiske kjønnet du ble tildelt ved fødsel.» I den same ordlista finst ein artikkel om «transperson», som opnar slik: «Transperson er et paraplybegrep for personer som har et utseende eller identitet som uttrykker et annet kjønn enn det som ble registrert for dem ved fødsel.»
Strengt teke passar eg inn i båe desse kategoriane. Eg synest at den biologiske kroppen min (betre kjent som: kvinnekropp) er ok, og eg har i større eller mindre grad ein annan utsjånad enn det som er forventa av ein slik kropp. Eg trivst best i herreuttrykk, og det hender ofte at folk tek meg for å vera gut – eller glor intenst for å prøva å avdekkja kva slags kropp som finst under kleda. Er eg då trans? Eller cis? Eller båe på ein gong?
No verkar det kanskje som eg baserer kjønnsidentiteten min på ei ordliste og nokre stutte definisjonar. Det gjer eg ikkje. Eg har i mange år lese, grubla, diskutert og prøvt meg fram, og eg er uendeleg takksam for at Skeiv Ungdom og vaksenpersonane kring dette miljøet har skapt arenaer der eg har fått testa ut namn, pronomen og kjønnsuttrykk i trygge omgjevnader. Ingen har tvinga meg til å meina eller gjera noko som helst.
Når eg har kalla meg trans, transperson og kjønnsskeiv, er det fordi eg sjølv har ynskt det. Når eg stundom har bede om å bli omtalt som «hen», er det fordi eg likar å prøva det ut. (Eg synest framleis at det er fint – bruk gjerne «hen» om meg, anten i staden for eller som avveksling til «ho».) Eg har på eige initiativ fundert på å byrja med hormonbehandling og å fjerna puppane, og eg har på eige initiativ slege det frå meg.
Eg trur ikkje at det er kroppen min som er problemet, men kvinnerolla. Det er ikkje det tildelte, biologiske kjønnet eg er misnøgd med, men alt brasket som fylgjer med denne tildelinga: forventningane om korleis ein skal sjå ut og te seg, kva slags interesser og eigenskapar ein skal ha, kva slags livslaup ein kan sjå føre seg, korleis ein blir møtt av omverda.
Er det då nokon vesentleg skilnad mellom meg og såkalla ciskvinner? Dei òg kan vel kjenna seg sterkt ukomfortable i kvinnerolla? Eg er slett ikkje den fyrste som tenkjer såleis, og innvendingar mot ein slik tankegang har allereie kome.
Eg er ei kvinne som prøver å skeiva til kvinnekjønnet mest mogleg.
Det er ingen tvil om at kvinner som opplever seg som kvinner og «ser kvinnelege ut», har det lettare enn meg på visse område. Og eg har det garantert lettare enn dei på visse område. (Kor mange menn er interesserte i å tafsa på ei traktorlesbe som meg, til dømes, på byen? Eg har – bank i bordet – aldri møtt nokon slike.) Me får ulik merksemd, det er sant, men alt handlar om kjønn. (Framande folk har spurt kva slags kjønnsorgan eg har.)
Ordet «cis» kan hjelpa oss med å setja ord på desse skilnadene, og for ein minoritet er det både styrkjande og praktisk å kunna tala om majoriteten og dei fordelane majoritetspersonar har. Eg skal vedgå at eg har kjent glede ved å omtala – ja, beint fram stempla – nokon som «cis». Men kor presist er det, når alt kjem til alt? Kva inneber det å identifisera seg med tildelt kjønn? Så lenge folk tolkar dette ulikt, er vel ordet «cis» – og «trans», for den del – ein litt ugrei reiskap?
Eg tykkjer at skiljet mellom «trans» og «cis» byrjar minna om skiljet mellom «sex» ('biologisk kjønn') og «gender» (sosialt kjønn): Det gjev inntrykk av at verda er ryddigare og enklare enn ho er. Det er praktisk å kunna dela kjønn i to, men kvar går grensa mellom dei?
Sidan skiljet mellom «cis» og «trans» er uklårt for meg, strevar eg med å bruka desse orda – i alle fall om meg sjølv. Totalt avvisande er eg ikkje, for eg ser at omgrepsparet har ein funksjon. Det set ord på noko me ikkje tidlegare har hatt ord for. Men «cis» og «trans» har nokre ulemper òg: Dei skapar inntrykk av at det finst to grunnleggjande ulike opplevingar av kjønn (utan at desse to måtane lèt seg skilja skarpt!), og dei lagar ei kløft mellom menneske som jobbar mot same mål: slakkare kjønnsnormer for alle.
Det er dei såkalla ciskvinnene som har reagert sterkast på bruken av «cis», og eg synest ikkje det er så rart. Å få høyra at du er privilegert på grunn av kjønnet ditt samstundes som du vert undertrykt og trakassert på grunn av kjønnet ditt, kan for nokon vera sterkt opprørande. Ein del «cis»-tilhengjarar vil kanskje protestera no og seia at «cis» ikkje er meint slik, men etter mi meining er det underordna. Ei utsegn kan vera ugrei jamvel om intensjonen er god.
Dersom nokon greier å overtyda meg om at me treng både «cis» og «trans», og at fordelane ved dette omgrepsparet er større enn ulempene, skal eg gladeleg skifta standpunkt. For akkurat no er eg skeptisk – mellom anna fordi eg ikkje greier å plassera meg sjølv i ein av kategoriane. Eg kunne kanskje ha forkludra det heile gjennom å kalla meg cistranse eller transis, men i skrivande stund vil eg heller seia det slik: Eg er ei kvinne som prøver å skeiva til kvinnekjønnet mest mogleg. Eg vil by fram eit alternativ, hòla ut kvinnekategorien innanfrå, til gagn for jentene og kvinnene som kjem etter meg.
Kristin Fridtun har blant anna skrive bøkene Kjønn og ukjønn (2015) og Homoflokar (2018).