Kronikk

Hjernen din under kapitalismen

Kva kan ei auke i psykedelikabruk seie om samfunnet?

I 1985 ga etnobotanikeren Wade Davis ut boka The Serpent and the Rainbow. Boka følgjer Davis si reise til Haiti, kor han jaktar på ei medisinsk forklaring på zombie-fenomenet. Gjennom jakta på planter og dyr med gifter som kan kalle fram ein zombie-aktig tilstand kjem Davis mellom anna med ei lengre utlegning om den kulturelle komponenten i rus. Han argumenterer for at eit stoffs rusverknad delvis avhenger av kulturen ein lev i, slik sosiologen Øystein Skjælaaen også gjer i den nyleg utgjevne boka Meningen med rus. Likevel karakteriserast den norske samtala om (psykedelisk) rus ofte av eit individfokus, anten gjennom fokus på rusopplevinga eller på potensielle medisinske/terapeutiske bruksområde. Kva skjer om ein vrir på dette og heller ser på den nye bølgja psykedelika-bruk som uttrykk for ein samfunnstendens? Rusforskar Willy Pedersen har føreslått klimakrisa som kulturell fortolkingsramme for psykedeliske rusopplevingar. I tenkinga til kulturteoretikaren Mark Fisher fins eit anna mogleg rammeverk for å forstå det Morgenbladet på leiarplass har kalla ein «psykedelisk renessanse».

Fisher har argumentert for at me lever i ei verd kjenneteikna av capitalist realism, eller, for å tilby ei omtrentleg omsetjing, ei kapitalistforståing av røynda. Etter kommunismens fall stod kapitalismen att som det einaste reelle politiske alternativet, og med det fekk også ein kapitalistisk logikk kolonisere alle område av liva våre. Denne tanken liknar Francis Fukuyama si hypotese om det liberale demokratiet som historias endepunkt, men med negativt forteikn – lik Fredric Jameson og Slavoj Zizek meiner Fisher at me lev i ei verd der «det er enklare å sjå føre seg verdas ende enn kapitalismens endelikt». Kapitalismen har blitt det rådande rammeverket for å forstå røyndas bestanddelar, og følgeleg kjenneteiknast verda av ein næringsontologi (business ontology).

Innanfor næringsontologien blir økonomi og handel tolkingsrammene for all menneskeleg aktivitet – BNP blir eit mål for samfunnsframgang, økonomiske insentiv får universiteta til å prioritere studentgjennomstrøyming framfor studiekvalitet, menneske blir produkt gjennom personleg branding, livet blir eit sjølvforbetringsprosjekt og så vidare. Følgja av dette, fortset Fisher, er ein epidemi av depresjon, angst og framandgjortheit. Heller enn å bruke tradisjonelle psykologiske forklaringsmodellar ser Fisher den stadige utbreiinga av desse lidingane som eit uttrykk for den rådande verkelegheitsforståinga. Det er her Fisher skil seg frå Fukuyama: der Fukuyama ser (såg) føre seg det liberale demokratiet som logisk sluttpunkt, forstår ikkje Fisher kapitalismen som korkje ein naturtilstand eller eit sluttpunkt, men som ein høgst kunstig tilstand som likevel i stor grad strukturerer korleis me tenkjer på verda.

Før Fisher døydde i 2017 skreiv han på boka med tittelen Acid Communism. I den uferdige introduksjonen skriv han at syrekommunismen er både «ein provokasjon og eit løfte. Det er ein slags vits, men ein vits med eit seriøst formål». Fisher bruker mellom anna ei BBC-filmatisering av Alice i Eventyrland for å eksemplifisere. I denne filmatiseringa er alle dyrekarakterane bytt ut med vaksne menneske, eit grep som tydeleggjer korleis dei vaksne forventar at Alice følgjer eit sett med autoritære og gjerne sjølvmotseiande reglar. I dette blir Michel Foucault sin tenking spegla: På same måte som Foucault sine historiske arbeid gjorde det arbitrære og tilfeldige ved framveksten av notidige tankesett eksplisitt, så gjer Alice (og sjåaren) sin utanforskap det mogleg å identifisere dei vaksne sitt regelverk som absurd og inkonsekvent. Gjennom å tilby ei grenseoppleving, ei oppleving kor tidlegare reglar ikkje lenger gjeld, så tilbyr psykedelika også ei moglegheit for å sjå bakanfor ei verd gjennomsyra av den kapitalistiske verkelegheitsforståinga og sjå den for kva den er: ein ideologi, «ein draum som har gløymd den er ein draum».

Dei siste månadane har fleire psykedeliske rusopplevingar blitt skildra i Morgenbladet. Anders Stai Fougner har mellom anna skrive om ei kjensle av «å føle seg forbundet til naturen» (6. november), og den positive effekten psykedelika hadde på hans psykiske helse. Willy Pedersen fortel mellom anna om ein deltakar i ein nyleg studie, Maria, som gjennom psykedelika opplevde ei kjensle av å bli «ett med noe større enn deg selv, noe utenfor tid og rom» (22. november). Det er openbart at psykedelika kan tilby brukarane opplevingar som er vanskeleg tilgjengeleg andre stadar, opplevingar som gjev varig inntrykk.

I møte med det mystiske opplever mange psykedelika-brukarar å finne ei ny meining. Dette kan til dømes vere ei nyvunne kopling til naturen som kapitalismen ettertrykkeleg prøvar å skilje oss frå, eller ei kjensle av å bli i eitt med noko større, slik Pedersens informant fortalte om. Brukarane fortel korleis dei kjenner seg som ein del av eit fellesskap, det vere seg menneskeleg eller meir abstrakt. Gjennom sterke og meiningsfulle opplevingar får brukarane glimt av nye måtar å vere i verda på. Rusbruken ser ut til å opne for nye måtar å forstå røynda på, med eit assosiert potensiale for å dyrke fram nye (menneskelege og ikkje-menneskelege) kollektiv som kontrasterer kapitalismens individfokus.

Samstundes fortel Pedersen at mange av informantane «beskrev skremmende hallusinasjoner». Kombinasjonen av det fascinerande og det potensielt skremmande speglast i syre-prefikset til syrekommunismen, som gjev assosiasjonar til både psykedeliske og etsande eigenskapar. Ein står andlet til andlet med det arbitrære ved dagens verkelegheitsforståing, ei innsikt som også kan virke skremmande eller ubehageleg. Sjølv om psykedelika kan gjere det mogleg å sjå dagens verkelegheitsordning for kva den er så tilbyr det ingen enkel veg vidare. Sjølv om dagens røynd har blitt etablert på ein høgst tilfeldig måte, så har den også blitt institusjonalisert; innsikta tilbyr ingen enkel måte å erstatte denne med ei verkelegheitsforståing kor fellesskap og forbindelse med naturen er sentralt.

Om rusbruk og -opplevingar formast av kultur, slik Davis argumenterer for, kva kan ei auke i psykedelikabruk seie om samfunnet? Fisher si tenking tilbyr eit rammeverk for å adressere dette. Å lese han som ein enkel psykedelika-romantiker er reduktivt: Fisher sitt prosjekt handlar om moglegheita for å sjå røynda på ein ny måte, noko psykedelika tilbyr ein potent metafor for. Samstundes tilbyr Fisher si verkelegheitsforståing ei tolkingsramme for å forstå dagens psykedelika-bruk. Psykedelika-brukarar beskriv kjensler kjenneteikna av tilhøyrigheit og meining, kjensler mange opplever som fråverande i ei røynd kolonisert av kapitalismen. Kanskje er det nettopp lovnaden om desse kjenslene som har gjeve psykedeliske rusmiddel ein renessanse.

Mer fra Kronikk