Portal

Den uproduktive klassen

SYN OG SEGN: Økonom og norskamerikanar Thorstein Veblen var ein krass kritikar av den økonomiske eliten. Populariteten hans var basert på den same indignasjonen mot finanseliten som den som i dag ber presidentkandidaten Bernie Sanders fram på meiningsmålingane.

---

Syn og Segn

Artikkelen har stått på trykk i Syn og Segn, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN.

Syn og Segn er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i dag, stifta i 1894. Tidsskriftet er eit av få landsdekkande tidsskrift på nynorsk, og har lesestoff over eit breitt register av tema innanfor kultur, politikk og samfunn. Syn og Segn er eig av Det Norske Samlaget og blir lese av kulturinteresserte over heile landet. Redaksjonen har kontor på Fagernes. 

---

Skaper alle kapitalistar verdiar? Kvar går skiljet mellom produktiv og uproduktiv økonomisk verksemd? Kva har skjedd på Wall Street som gjer at Veblens analyse av kapitalismen i det førre hundreåret plutseleg har blitt høgaktuell? Og ikkje minst: Kvifor er det nesten ingen i Noreg som snakkar om han?

Eit skråblikk på samtida

Thorstein Veblen (1857–1929) (dialektuttale: Tøsstein Vøvle) voks opp som innvandrar i Manitowoc County i Wisconsin. Foreldra hans, Tomas Andersson Veblen og Kari Torsteinsdotter Bunde, utvandra frå Høre i Valdres i 1847, etter å ha tapt ein strid om odelsrett og gravlagt det førstefødde barnet sitt. Sosiologen Charles Wright Mills har omtalt Thorstein Veblen som «the best critic of America that America ever produced», og økonomihistorikar Knut Odner påpeikar at Veblens instinkt mot underkasting kan ha samanheng med bakgrunnen hans frå Valdres. På 1800-talet stod motkulturen sterkt i Noreg, og Halvdan Koht, rektoren ved Det Kongelige Frederiks Universitet (i dag Universitetet i Oslo) som i 1920 inviterte Veblen til å bli professor i Kristiania, har omtalt folk frå Valdres som «dei mest opprørske av alle».[1]

I Manitowoc County i Wisconsin blei det visstnok ikkje snakka eitt ord engelsk. I den første biografien som blei skriven om Veblen, er dette omtalt som ein «skandinavisk getto» der det var djup fattigdom. I Joseph Dorfmans biografi (1934) får vi eit portrett av ein mann som veks opp utanfor det amerikanske samfunnet, i eit dårleg integrert innvandrarmiljø. Seinare forsking set spørjeteikn ved denne røyndomsskildringa og framhevar heller at Manitowoc var eit multikulturelt samfunn med ei mengd ulike språk, inkludert engelsk.[2] Det blir òg framheva at foreldra var ressurssterke og sende alle dei elleve barna sine, inkludert jentene, på universitetet.

I The New York Times blei han genierklært. Men det var først etter at han døydde, og etter børskrakket i 1929.

Vi kan berre spekulere i om bakgrunnen Thorstein Veblen hadde frå Valdres, bidrog til evna hans til å sjå samfunnet med eit kritisk og annleis blikk. Det som er sikkert, er at dei skarpe analysane hans av korleis kapitalismen fungerer i praksis, er eit betre utgangspunkt for å forstå den økonomiske krisa Vesten står i no, enn dei nyklassiske jamvektsteoriane som i dag blir lærte vekk ved Universitetet i Oslo. Thorstein Veblen observerte og diagnostiserte samfunnet utanfrå. I The New York Times blei han genierklært. Men det var først etter at han døydde, og etter børskrakket i 1929.

Ein berømt og uønskt økonom

The Theory of the Leisure Class gjorde Thorstein Veblen berømt. Året er 1899. I boka tek han eit hardtslåande oppgjer med den dåverande eliten, som han kritiserte for å tene pengar på spekulasjon i staden for produksjon. Profitten nytta den «uproduktive klassen», som han kalla dei, til eit «prangande forbruk», eller «conspicious consumption», eit omgrep som har festa seg i det engelske språket etter at Veblen tok det i bruk.

Den første akademiske stillinga hans var ved University of Chicago, men både der og seinare ved Stanford University mista han jobben. Etter det sleit han med å halde på langvarige professorat ved universiteta i USA. Ei av årsakene var ei kone som sende brev til universitetsleiingane med skuldingar om utruskap, noko som var grunn nok til å få sparken den gongen. Ein annan grunn kan vere den ukarismatiske førelesingsstilen hans. Veblen mumla i skjegget og verka lite interessert i det pedagogiske utbytet til studentane, blir det sagt. Han var òg kritisk til universiteta han jobba ved, og meinte dei dreiv med unyttig, men prestisjefylt kunnskap som var reservert for ein indre krins.

Damehistoriene til Veblen høyrer òg med til forteljinga og blir nytta som ei av forklaringane på kvifor han blei halden utanfor det gode selskapet. Men det er òg verdt å nemne at både University of Chicago (etablert 1890) og Stanford University (etablert 1885) blei starta av nokre av dei rikaste mennene i USA, John D. Rockefeller og jernbanekongen Lelan Stanford. Det er ikkje gitt at dei sette like stor pris på Veblens skråblikk på monopola dei sjølv brukte for å byggje opp formuane sine.

Trass i mangelen på faste stillingar var han likevel ein anerkjend økonom i fagmiljøa, og blei blant anna spurd om å vere president for American Economic Association, noko han takka nei til av helseårsaker. Han avslo òg tilbodet han fekk frå Universitetet i Oslo i 1920. I staden var han med på å grunnleggje The New School for Social Research i New York i 1919, som seinare blei eit eksiluniversitet for emigrerte samfunnsforskarar på flukt frå Hitler-Tyskland.

Genierklært og luksusforbruk

Då Thorstein Veblen døydde i 1929, var han nesten gløymd. Men knappe tre månader etter bortgangen hans krasja New York-børsen og sende USA inn i ei djup økonomisk krise. Veblen hadde langt på veg spådd det økonomiske krakket, og blei no genierklært. I 1934 trykte avisene i New York sju artiklar der han blei hylla som økonom og samfunnsforskar.

USA var på Veblens tid prega av store monopol som US Steel og Standard Oil (selskapet til den nemnde John D. Rockefeller). Perioden som går under namnet «The Guilded Age», var kjenneteikna av ekstreme sosiale skilnader, eit framveksande aristokrati med eit luksusforbruk bortanfor førestillingsevna til mange, og stadige finanskriser. Sosialdarwinisten Herbert Spencer var tonegivande og prega tidsånda i England og USA. Det rådde ei sterk tru på kapitalismen si evne til å skape økonomisk vekst, spesielt om styresmaktene var villige til å la marknadene regulere seg sjølve. Skilnadene auka, og ifølgje Spencer var det naturens orden. Det var Spencer, og ikkje Charles Darwin, som skapte omgrepet «survival of the fittest».[3]

I 1776 skreiv Adam Smith innsiktsfullt at det ikkje var frå godhugen til bakaren vi får vårt daglege brød, men at brødet var eit resultat av eigeninteressa til bakaren. Overklassen tok dette som eit uttrykk for at grådigskapen deira skapte verdiar og arbeidsplassar. Problemet var, ifølgje Veblen, at Adam Smith tok utgangspunkt i den gamle handverkarøkonomien, som nettopp baserte seg på at kapitalistane blei rike ved å investere i ny kapital, som igjen auka produktiviteten, og dermed gjorde det mogleg å stadig auke produksjonen og redusere prisane for forbrukarane. Slik førte profittjaget til kapitalistane til samfunnsmessig gevinst.

Produktive og uproduktive kapitalistar

Like etter at Adam Smith gav ut boka The Wealth of Nations, fann spekulantar i Paris ut at brødbaking ikkje var lukrativt nok. Dei kunne tene meir pengar om dei kjøpte opp mjøl og korn og tok det med ut av byen, og så venta på at prisane skulle stige. Som vi veit, utløyste dette den franske revolusjonen.[4]

Økonomen Erik Reinert har leidd arbeidet med å bringe ideane til Veblen til eit norsk publikum. Han har skrive føreordet til den norske utgåva av Den uproduktive klasse frå 2014, og tekstane hans er hovudkjelda til denne artikkelen. Ifølgje Reinert var Veblens viktige bidrag til den økonomiske debatten på 1900-talet at han viste behovet for å skilje mellom produktive og uproduktive kapitalistar. Han såg den viktige skilnaden på verdien av industriell kapital og verdien av finanskapital, skilnaden på å produsere nye ting og å by opp prisen på varer som allereie er produserte.

Når kapitalistane hadde gått vekk frå handverkarøkonomien til Smith, hadde han òg endra karakter, ifølgje Veblen. «Det var under den umodne fasen til den industrielle tidsalder at den tidligere generasjonen av økonomer lagde deres teorier om businessmannens rolle i industrien. Da var det fortsatt sant, i utstrakt grad, at den daglige ledelsen også eide maskinene (…) og det var fortsatt sant, med relativt få unntak, at mest mulig effektiv produksjon var det primære elementet som ga selskapet suksess.»[5] I den fasen kapitalismen var i no, kunne forretningsmenn med kortsiktige profittmål like gjerne ha «negativ påverknad» på den teknologiske utviklinga.

Veblen observerte ein økonomi der finanssektoren voks seg større enn produksjonssektoren. Mange av kapitalistane blei ikkje lenger rike ved å byggje opp økonomien, men tente i staden pengar på spekulasjon og økonomiske aktivitetar som sabotasje. Veblen såg òg korleis den tids politikarar, utan kunnskap til å skilje mellom produktiv og uproduktiv økonomisk aktivitet, innførte lover som tente interessene til desse kapitalistane. Etter kvart som stadig større verdiar blei konsentrerte på toppen og mellom dei rikaste, var finanssektoren i ferd med å endre det amerikanske samfunnet. Og Veblen åtvara mot at systemet kunne kollapse.

Veblen var spesielt uroa over det han kallar «vested interests», som er ei skildring av eigeninteresser som ikkje nødvendigvis er i samsvar med fellesskapen sine. Veblen nyttar omgrepet om dei som tener pengar utan å trenge å arbeide, men som i staden utøver passiv eigarskapskontroll, ofte eigarar som har interesse av å halde på det beståande, og som set seg imot ny innovasjon. Det beste dømet på det siste er «straumkrigen» mellom Thomas Edison og Nikola Tesla som rasa på 1880-talet. Oppfinnaren av lyspæra, Thomas Edison, prøvde å stanse ny og betre teknologi ved å sabotere Tesla og «vekselstraumen» hans.

All økonomisk verksemd i kapitalismen er ei form for grådigskap. Det var òg eigeninteresse som i utgangspunktet dreiv Edison til å finne opp lyspæra, og ofte er interessene til kapitalisten og samfunnet dei same. Men er det rett av oss å tenkje at all kapitalistisk grådigskap tener økonomien?

Eit økonomisk hegemoni

Kvifor finn vi ikkje Thorstein Veblen, Noregs kjende utvandrarson, på økonomipensumet i Noreg?

For å forstå den fråverande interessa for Veblen og teoriane hans må vi sjå nærare på det som er grunnsteinen i pensumet ved Universitetet i Oslo i dag, nemleg nyklassisk økonomisk teori. Medan Adam Smith representerer den klassiske økonomiske skulen, voks det på slutten av 1800-talet fram ein nyklassisk skule: Dei svor til teoriar baserte på jamvekt – teoriar som tek utgangspunkt i ideane om at det som gir mest økonomisk effektivitet, og dermed samfunnsmessig nytte, er om vi lèt marknadskreftene få styre den økonomiske utviklinga.

Innblanding frå styresmaktene forstyrrar den naturlege balansen og kan gi ei mindre effektiv utnytting av ressursane i samfunnet. Dei fleste modellane reknar med rasjonelle, nyttemaksimerande individ og aktørar med full informasjon.

Desse modellane er den dag i dag grunnlaget for økonomiundervisninga verda over. Mange økonomar vier livet sitt til å forbetre og moderere modellane for å gjere dei betre tilpassa den verkelege verda. Men utgangspunktet er i hovudsak jamvektsmodellar der marknaden tilpassar seg preferansane til forbrukarane.

Den historiske arven Thorstein Veblen har etterlate seg, har eit heilt anna utgangspunkt, og mange av etterfølgjarane hans kallar seg i dag evolusjonære eller institusjonelle økonomar. For å forstå økonomien, ifølgje Veblen, må vi forstå institusjonane menneska har skapt. Vi må forstå psykologien i bedriftene, i bankane, domstolane, universiteta og i kongressen. Kunnskap, normer og tradisjon er noko som sit i veggene og dominerer handlingane og tankesettet til menneska.

Veblen framheva menneskeleg instinkt som skaparkraft, nyfikne, konkurranseinstinkt, gruppetilhøyrsel og ikkje minst rovdyrinstinktet som drivkrefter i produksjonen. Dette er i kontrast til dei nyklassiske modellane der menneske anten er nyttemaksimerande forbrukarar eller inngår som ein produksjonsfaktor saman med kapital.

Ei lettlurt offentlegheit

I ei nyklassisk verd er det ved å maksimere eigen profitt at bedriftene bidreg til effektiv utnytting av ressursar. Spørsmålet om grådigskap er derfor ikkje relevant; som i verda til Adam Smith er det eigeninteressene til aktørane som sikrar vekst og velstand. Det kan framleis finnast juks og bedrageri, men det vil bli avslørt. Kundane vil straffe dei som juksar, ved å velje andre produsentar, slik at det ikkje vil lønne seg på sikt. Om ein føreset at forbrukarane gjer rasjonelle, informerte val, vil marknadsmekanismane bidra til at juksepavane blir utkonkurrerte på lang sikt. I boka Capitalism and Freedom (1962) argumenterer den nyklassiske økonomen Milton Friedman mellom anna mot lisensiering av helsepersonell, fordi bedragerske legar på sikt ville tape alle kundane sine etter kvart som bedrageriet blei avslørt.[6]

Veblens evolusjonære blikk på korleis menneske og bedrifter oppfører seg, gjorde at han ikkje aksepterte premissen om at grådigskap nødvendigvis var samfunnsnyttig. Dette var tida då selskap som Goldman Sachs selde dårlege investeringspapir til ei lettlurt offentlegheit før krakket i 1929.[7] Veblen observerte korleis den uregulerte finansøkonomien på den tida gav grobotn for ein rovdyrkapitalisme.

I The Theory of Business Enterprise skildrar Veblen korleis aksjeselskap kunne inntektsføre usikker framtidig fortenest, såkalla goodwill. Det er eit omgrep som inkluderer framtidige innteningshøve selskapet har på grunn av til dømes patent, merkevarer, rettar og rykte. Kombinert med stor tilgang til kreditt kunne selskapa på denne måten blåse opp eigen aksjepris. Veblen føresåg at dette kunne få katastrofale følgjer på sikt.

Veblen hadde derimot ein annan agenda: å skape eit økonomisk system som fremjar dei positive instinkta i menneska, men avgrensar dei barbariske røvarinstinkta mest mogleg.[8]

Ein meir sivilisert kapitalisme

Skildringane Veblen gav av rovdyrkapitalismen i USA kring hundreårsskiftet, er ei forteljing om selskap som organiserte handelskartell for å kontrollere marknaden og unngå konkurranse. Men i 1890 og 1914 blei det innført strengare lovgiving mot kartellverksemd, og konglomerata blei brotne opp.

Ifølgje Reinert blei Veblen «en av de viktigste brikkene i et kulturelt opprør som på et vis siviliserte kapitalismen i USA, og brakte trustene under kontroll». Med eit skarpt blikk og mykje ironi gjekk han rett i kjernen på det som var problemet med den herskande eliten i tida, og viste kvifor måten dei styrte industrien på, ikkje ville tene fellesskapen.

Veblens nyklassiske rival Irving Fisher uttalte i tida før 1929 at aksjemarknaden hadde nådd eit «permanent høgt platå».[9] Etter børskrakket var det teoriane til Veblen som blei breitt siterte, både i akademia og i media. No blei det innført langt strengare regulering av finansøkonomien. I 1933 blei Glass-Steagall-lova vedteken. Ho skulle regulere eit strengt skilje mellom tradisjonell bankverksemd og investeringsbankar. Målet var å sikre at finansielle aktivitetar med høg risikoprofil ikkje skulle påverke sparekontoane til folk eller den generelle tilliten til banksektoren.

Den historiske perioden som følgde, er kjenneteikna av ei grunnleggjande tru på at kapitalismen fungerer meir effektivt dersom han blir regulert av styresmaktene. Perioden mellom andre verdskrigen og oljekrakket i 1973 er òg ein periode med ekstraordinært sterk vekst i vestlege økonomiar. Men i akademia var økonomifaget i ferd med å endre seg. Den nyklassiske retninga innanfor økonomisk teori hadde fungert som ei av fleire retningar sidan rundt 1870, men utover 1950-talet blei ho stadig meir dominerande. I dag er nyklassisk økonomisk tenking einerådande i akademia. Og Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo ser heller ikkje naudsynet av å fortelje studentane at det dei lærer, berre er éi spesifikk retning innanfor økonomifaget.

Renessanse for rovdyrkapitalismen

I 1999 avskaffa Bill Clinton Glass-Steagall-lova, og finanssektoren har blitt stadig meir deregulert. Nye finansielle innovasjonar blei utvikla, der usikker gjeld blei pakka saman med sikrare gjeld og så seld vidare som investeringspakker, til dømes til dei norske Terra-kommunane. Finanssektoren hevda at dei ikkje trong reguleringar, fordi dei nye produkta ville overvinne risikomomentet. Marknaden skulle sikre at risikoen blei riktig prisa, og kunne dermed gjere jobben til reguleringsstyresmaktene.[10]

Dei tradisjonelle nyklassiske modellane skil seg òg frå Veblens analyse ved at dei ikkje gjer skilnad på finanssektoren og produksjonssektoren. Mange nyklassiske økonomar ser på finanssektoren som eit slags smørjemiddel for resten av økonomien. Han sikrar effektiv allokering av ressursar og tilgang til kapital for realøkonomien. Innanfor nyklassisk teori kan storleiken på finanssektoren ha like stor samfunnsverdi som storleiken på produksjonskapasiteten i landet.

Veblen, derimot, var uroa over ein finanssektor som voks seg større enn realøkonomien. I dag ville han nok ha blitt vettskremd. Finans, forsikring og eigedomsmekling har auka drastisk som ein fraksjon av økonomien i USA, frå kring 11 prosent på 1970-talet til nesten 20 prosent i 2009.[11] Marknaden for nye finansinstrument har eksplodert. Den totale verdien av finansderivata blei berekna til 600 000 milliardar dollar før krisa, ein sum som er mange gonger verdas BNP.[12]

Erik Reinert skriv at han ikkje kjende att rovdyrkapitalismen som blei skildra då han las bøkene til Veblen på 1970-talet. Men når han les dei att i dag, finn han «at mange av hans analyser er faglige blinkskudd».

Eit godt døme er Enron, som var eit av dei største energiselskapa i verda. Dei blei kåra til «America's most Innovative Company» seks år på rad, før det blei avslørt omfattande rekneskapsjuks og dei måtte erklære seg konkurs i 2001. Nøyaktig som Veblen skildrar i The Theory of Business Enterprise, nytta selskapet goodwill og finansielle innovasjonar for å blåse opp verdien av selskapet, og dermed aksjeprisen.

I 1982 gjorde Ronald Reagan det mogleg att for selskap å kjøpe sine eigne aksjar attende, og den same praksisen som Veblen hadde kritisert kring førre hundreårsskifte, blei teken opp att. Berre i første kvartal av 2011 nytta Exxon Mobil fem milliardar dollar på å kjøpe eigne aksjar for å presse opp aksjeprisen. Det er vanskeleg å sjå korleis dette skulle få noka form for positive ringverknader for resten av samfunnet. Heller ikkje når dei 500 selskapa i indeksen til Standard & Poor nytta 89 milliardar dollar på det same, noko som svarer til 45 prosent av dei totale inntektene deira.[13]

Misnøya med den politiske eliten

Analysane til Veblen hjelper oss òg med å forstå dynamikken i dagens presidentvalkamp i USA. William Lazonick skildrar eit USA som har hatt økonomisk vekst sidan 1980-talet, men påpeikar at denne veksten ikkje har gitt arbeidsplassar. Årsaka er ei teknologisk utvikling som har gjort mange yrke overflødige, og dessutan ei utflagging av bedrifter. Men i tillegg handlar det om prioriteringane til bedriftene. Overskotet går med til å drive opp den kortsiktige aksjeprisen, på kostnad av langsiktige investeringar. Selskapa sparkar tilsette for å auke den kortsiktige profitten, og nyttar dette for å presse opp aksjeverdien på kort sikt.[14]

Frå 1980 til 2012 har fulltidssysselsetjinga falle med åtte millionar i produksjonssektoren, samstundes som det berre har blitt to millionar nye jobbar innanfor finans, forsikring og eigedomsmekling[15] Dermed blir den økonomiske veksten reservert for den rikaste eine prosenten av befolkninga.

Dette er eit viktig bakteppe for å forstå framgangen til Bernie Sanders i nominasjonsprosessen til Demokratane i presidentvalet i år. Det er ei sterk og aukande misnøye med den politiske eliten i USA i dag, og dei økonomiske dogma dei styrer etter. På høgresida flokkar amerikanarane seg om Donald Trump, medan Bernie Sanders mobiliserer arbeidarklassefamiliar og liberale amerikanarar. Ei undersøking frå 11. januar synte at unge mellom 18 og 35 år føretrekkjer Bernie Sanders framfor Hillary Clinton.[16]

Det er vanskeleg å plassere Thorstein Veblen på ein politisk høgre-venstre-akse. Ifølgje Reinert bør han heller plasserast på «en akse mellom produksjonskapitalismen – der innovasjon og arbeid står i sentrum – på den ene siden, og finanskapitalismen – der spekulasjon og forbruk står i sentrum – på en annen».

Men det er den same sosiale indignasjonen som gav Thorstein Veblen tilhengjarar på slutten av 1800-talet, som no gjer at amerikanarane flokkar seg om Bernie Sanders. Viljen hans til å ta eit oppgjer med haukane på Wall Street og bringe verksemdene deira under styresmaktene sin kontroll er eit av dei viktigaste punkta som skil han frå Hillary Clinton. Sanders vil bryte opp dei store finansinstitusjonane og snakkar om at bankane bør vere ein del av «den produktive, jobbskapande økonomien».[17]

Det er naudsynt å ta fram att bøkene til Veblen frå det førre hundreåret for å forstå dagens USA. Den «uproduktive klassen» til Veblen har lenge fått lov til å tene milliardane sine på kostnad av samfunnet. Ifølgje tilhengjarane til både Bernie Sanders og Donald Trump er den politiske eliten «kjøpt og betalt» av økonomiske særinteresser, og dei enorme utbetalingane som skulle berge Wall Street under krisa, har enda opp som bonusar til finanstoppane. Den politiske debatten er mellom dei som meiner kapitalismen fungerer best dersom han blir regulert, og dei som meiner styresmaktene bør halde seg unna og la marknaden rydde opp sjølv.

Ebba Boye (29) er norsk-amerikansk og tar en mastergrad i samfunnsøkonomi ved New School for Social Research, universitetet Thorstein Veblen var med å starte i New York.  (Tidligere utreder i Manifest Tankesmie)​

Artikkelen har stått på trykk i Syn og Segn, ein av samarbeidspartnarane i Morgenbladet sin tidsskriftportal. Sjå meir frå over 30 norske tidsskrift i PORTALEN


[1] Reinert, Erik S., og Viano, Francesca Lidia (2012). Thorstein Veblen: Economics for an Age of Crises. London; New York, NY: Anthem Press.

[2] Ibid.

[3] Reinert, Erik S., og Viano, Francesca Lidia (2012). Thorstein Veblen: Economics for an Age of Crises. London; New York, NY: Anthem Press.

[4] Kaplan, Steven L. (2015). Bread, Politics and Political Economy in the Reign of Louis XV: Second Edition. London; New York, NY: Anthem Press.

[5] Veblen, Thorstein (2005). The Theory of Business Enterprise. Cosimo, Inc., 17.

[6] Henry, John F. (2012). The Veblenian Predator and Financial Crises: Money, Fraud, and a World of Illusion. Journal of Economic Issues XLV I, nr. 4.

[7] Randall Wray, «The Great Crash of 2007 viewed through the perspective of Veblen's Theory of Business Enterprise, Kenyes's Monetary Theory of Production and Minsky's Financial Instability Hypothesis», i Thorstein Veblen: Economics for an Age of Crises (Anthem Press, 2012).

[8] Erik S. Reinert, «Forord til den nye norske utgaven», i Den uproduktive klasse av Thorstein Veblen (Res Publica, 2014).

[9] Ibid.

[10] Edward Nell og Willi Semmler, «After Hubris, Smoke and Mirrors, And the Downward Spiral: Financial and Real Markets Pull Each Other Down; How Can Policy Reverse This?», Constellations 16, nr. 2 (2009).

[11] Ibid.

[12] Randall Wray, «Minsky Crisis», i The New Palgrave Dictionary of Economics, red. Steven N. Durlauf og Lawrence E. Blume, 2. utg. (Basingstoke: Nature Publishing Group, 2008)

[13] «PR Newswire», S&P 500 Stock Buybacks Up 63% from Q1 2010; Up Just 4% from Q4 2010PR Newswire, 29. juni 2011, http://www.prnewswire.com/news-releases/sp-500-stock-buybacks-up-63-from-q1-2010-up-just-4-from-q4-2010-124705368.html.

[14] William Lazonick, «Financialization of the U.S. Corporation: What Has Been Lost, and How It Can Be Regained», MPRA Working Paper, nr. 42307 (2012).

[15] Tae-Hee Jo og John F. Henry, «The Business Enterprise in the Age of Money Manager Capitalism», Journal of Economic Issues 49, nr. 1 (2015): 23–46.

[16] «Bernie Sanders has an 11-point advantage over Hillary Clinton among voters under 35», Vox, 11. januar 2016, http://www.vox.com/2016/1/11/10750326/clinton-sanders-poll.

[17] www.berniesanders.com

Mer fra Portal