Portal

Ung og stormande

SYN OG SEGN: Miljøforkjempar Vilja Helle Bøyum (18) har blitt skulda av vaksne for å vere naiv og påverka av sosialistar, men Vilja meiner det er politikarane som har skulka timen.

---

Vilja Helle Bøyum (f. 2000)

Elev i tredje klasse på Amalie Skram videregående skole i Bergen. Ho har vore medlem av Natur og Ungdom sidan ho var 13 år. Halvparten av tida har ho vore leiar for Natur og Ungdom sitt fylkeslag i Hordaland. Ho er ei av dei som tok initiativ til klimaopprøret i Bergen, der klimastreiken ved fleire anledningar har samla tusenvis av ungdomar.

---

Kanskje trudde vi at tenåringen Greta Thunberg var å rekne for ein klimatisk Ikaros då ho sette seg ned utanfor den svenske riksdagen i fjor haust for å streike for klimaet. Ikaros, himmelstormaren over alle, trassa far sin og flaug for nær sola slik at voksen som heldt vengane hans på plass, smelta, og han fall til jorda. Vi har sett korleis skulestreik for klimaet har gått frå å vere ein einsam aksjon frå den eine til ein ungdomsaksjon over heile verda. Det verkar som om dei ikkje vil gi seg med det første.

Vilja Helle Bøyum planlegg fleire skulestreikar. Kanskje har dei skjønt det, ungdomane, korleis dei skal lime på vengane slik at dei toler varmen betre når det blir heitt — som når partitoppar ikkje vil møte dei til debatt.

— Det heile starta då eg gjekk i åttande klasse og Natur og Ungdom besøkte klassen min og heldt eit føredrag. Nokre venninner av meg hadde blitt vegetarianarar og hadde snakka om klimaaspektet ved det tidlegare. No melde eg meg inn i Natur og Ungdom. Det tok likevel litt tid før eg torde å engasjere meg ordentleg, men då eg var i Oslo på folkefest for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, starta engasjementet for alvor.

— Engasjementet som i vår resulterte i klimastreik, starta altså med den no ti år lange folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Har du andre hjartesaker?

— Eg er sjølvsagt opptatt av klimaet generelt. Klimastreikane i vår har gjort meg meir merksam på klimaendringane, som er rota til mykje vondt, sidan dei fører med seg ei rekkje andre problem. Dessutan er det spennande å følgje med på politikarane i dette. Kva gjer dei? Kva gjer dei ikkje? Her synest eg vi finn den største dobbeltmoralen i politikken. Vi set oss høge mål, snakkar med store ord om klimatiltak i internasjonale forum, men så kjem politikarane heim igjen og gjer ikkje nok for å nå dei måla. Ta Parisavtalen, til dømes. Her har Noreg forplikta seg, men i statsbudsjettet ser vi det tydeleg, svart på kvitt, at dei ikkje gjer nok; det blir ikkje lagt opp til store nok kutt for å nå måla. Vårt engasjement er viktig for å passe på at politikarane ikkje kjem unna med slikt.

— I vår har vi sett born og unge over heile Noreg streike for klimahandling. Kva er grunnen til at ungdom over heile verda samlar seg og protesterer?

— Vi lærer meir og meir om klimaendringane og konsekvensane dei fører med seg. Her er forskinga tydeleg. Vi unge har skjønt at det er vår eiga framtid det kjem til å gå ut over, om ikkje noko blir gjort, men vi føler oss ikkje tatt på alvor. Eg trur ungdom over heile verda har skjønt at det ikkje blir gjort nok, og no tar dei det personleg.

— Grei ut.

— Det er ein urett mellom generasjonane. Besteforeldregenerasjonen har skapt klimaendringane vi begynner å sjå konsekvensane av. Ikkje berre blir det opp til oss unge å rydde opp i konsekvensane når vi sjølv blir vaksne, både besteforeldre- og foreldregenerasjonen har visst om dei lenge, men held likevel fram på same måte som før — til dømes ved å lyse ut nye konsesjonar for å leite etter olje, i staden for å sette til verks tiltak.

Det kjem så tydeleg fram at vaksne ikkje tar omsyn til vår framtid, og at dei ikkje tar oss alvorleg. Same dag som 4000 elevar streika i Bergen i mars, lyste regjeringa ut 90 nye leitelisensar. Det syner tydeleg at dei ikkje tar klimaendringane på alvor. Samtidig har vi framleis politikarar i enkelte parti som meiner at desse endringane ikkje er menneskeskapte. Det blir som å seie at ein veit meir om klimaet enn FN sitt klimapanel. Kor ignorant er det ikkje å påstå at ein veit betre enn dei? Desse tinga gjer oss sinte, og derfor vel fleire hundre tusen born og unge verda over å streike.

Det er ikkje vi unge som har skulka skuletimen, det er politikarane som har skulka klimatimen.

—   Vilja Helle Bøyum (18)

— Mange har stilt spørsmål ved om det å skulke skulen for å streike er rett verkemiddel for å bli høyrd og tatt på alvor.

— Det er ikkje vi unge som har skulka skuletimen, det er politikarane som har skulka klimatimen. Viss ikkje dei bryr seg om framtida vår, kvifor skal vi gjere det, då? Streiken får fram dette poenget og gjer samtidig eit enormt inntrykk. Éin ting er at det provoserer at vi ikkje går på skulen, men det får også fram bildet av kven klimaendringane går ut over, og handlingslamminga vi har hatt til no. Ungdom er meir opptatt av å gjere det bra på skulen enn nokon gong, men vi veit at vi må provosere for å bli høyrde. Då er det ingenting som provoserer meir enn at vi ikkje nyttar oss av det gode utdanningstilbodet vi er så heldige å ha. Og vi ser at det har provosert.

— Korleis har det vore etter dei første streikane?

— Det har vore kjekt å sjå born ned i barneskulealder få eit heilt nytt engasjement, og at klimasaka har engasjert så mykje. Tidlegare har vi sett det med plastsaka, antakeleg fordi den stranda kvalen med magen full av plast blei eit konkret døme på følgjene det kan få om vi kastar plast i naturen. Konsekvensane av klimaendringane er ikkje like konkrete og tydelege. Over heile verda har menneske kjent desse konsekvensane på kroppen, men det kjennest endå langt unna for oss i Noreg. Vi har ikkje kjent det ordentleg på kroppen sjølv. No ser unge konsekvensane av klimaendringane like tydeleg som dei såg samanhengen mellom plasten og kvalen, og det er flott å vere vitne til at dei har eit så sterkt engasjement for å ta vare på si eiga framtid.

— Har du fått nokon respons etter at du var med på å arrangere klimastreik i Bergen?

— Veldig mange unge som har engasjert seg, har fått positive tilbakemeldingar i ettertid. Eg har fått mange gode, men også nokre mindre hyggelege tilbakemeldingar. I ei melding eg fekk, stod det at eg var naiv og påverka av sosialistar. For meg er det lett å ikkje ta desse meldingane på alvor, men det bekymrar meg at vaksne folk sender slike meldingar til unge miljøforkjemparar.

— Kva tenker du om å få slike tilbakemeldingar frå vaksne folk?

— Foreldregenerasjonen har altså ikkje berre skapt klimakrisa. Dei kjeftar også på oss og sender hatmeldingar når vi prøver å gjere noko med problemet dei har skapt. Eg veit at mange unge har fått grove meldingar. For nokre er det vanskeleg å stenge ute den verste hetsen og kritikken, og det kan hindre unge i å engasjere seg. Det er utruleg at ein skal bli skremt frå å engasjere seg politisk allereie før ein er gammal nok til å stemme ved val. Samtidig må vi hugse på at sjølv om dei er veldig flinke til å sende slike meldingar og til å gjere seg høyrde, er dei få.

— Trur du rett og slett unge ser konsekvensane av klimaendringane tydelegare enn kva vaksne gjer?

— Ja. Vi har ikkje opplevd den same oppgangen i velstand som dei eldre generasjonane har. Vi er fødde inn i velstanden og får ofte kritikk for det. Samtidig er vi ikkje blenda av den økonomiske veksten vi har hatt i Noreg, men veit om konsekvensane. Det trur eg foreldregenerasjonen og politikarane også gjer, men denne bølga av velstand dei har opplevd, hindrar dei i å gjere noko med det. Dei er redde den økonomiske veksten dei har hatt, skal minke. Og så må vi unge rydde opp, i motsetnad til generasjonane før oss, som har auka forbruket sitt og ikkje har måtta ofre noko, slik vi blir nøydde til å gjere.

— Har klimaspørsmålet med andre ord blitt meir betent no enn det har vore for generasjonar tidlegare?

— Kanskje, men på ein god måte. Det bør vekke reaksjonar at ein ikkje tar omsyn til framtida og framtidige generasjonar. Det bør vere betent når ein ikkje tør gjere dei tiltaka for klimaet som trengst for å redde det. Det at vi har debattert klima så mykje som vi har gjort i vår, er bra. Dessutan har det vore mange unge ute i media og snakka om denne saka, og det er veldig bra — men så må det føre til at noko blir gjort òg. Så får vi håpe at debattklimaet rundt klimasaka er det insentivet som skal til for at politikarane kjenner seg pressa til å gjere noko. Eg synest vi har hatt ein god debatt rundt klimasaka i vår, sjølv om FrP-topp Jon Helgheim ikkje ville møte meg til debatt.

— I forkant av klimastreikane meinte Jon Helgheim at unge blei utsette for skremselspropaganda og klimahysteri, og håpte ansvarlege vaksne ville roe ned borna sine. Etterpå nekta han altså å møte deg til debatt i NRK P2. Korleis opplevde du det?

— Eg veit ikkje kor eg skal begynne om akkurat det der. For det første er det heilt sinnssjukt at ein politikar vil snakke om ungdomen, men ikkje med oss. Det kjennest umyndiggjerande, som om eg ikkje kan argumentere for meg. Det verka som at han ikkje ville kjefte på ein ungdom, fordi det ikkje tar seg godt ut på radio. Eg kan gjerne bli kjefta på, om det er dét som må til for at eg skal bli tatt på alvor. Det er mykje betre enn å bli sett til sida slik. Det skaper ein «hysj, dei vaksne snakkar»-kultur, og det er dumt. Dei vaksne må møte dei unge til debatt og ikkje be dei unge sette seg på attarste benken og vente mens dei vaksne snakkar ferdig.

— Kva synest du då om forslag frå politikarane om å arrangere klimatoppmøte for born og unge?

— Det er bra, det, men akkurat møte mellom born og unge og politikarar har ein halde på med kjempelenge. I Natur og Ungdom har vi brukt nesten all vår tid på å møte, snakke med og skrive til politikarar. No er vi leie av å snakke om løysinga. Det er tiltak vi er ute etter. Det å bli invitert på eit slikt klimatoppmøte kjennest som at vi ikkje blir tatt heilt på alvor. Unge veit kva som skjer når vi sit i slike møte med politikarar: Dei snakkar om alt det gode dei vil gjere, vi snakkar om kva vi krev, og så går vi kvar vår veg, og regjeringa held fram akkurat som før.

— Korleis ser det ut for klimasaka framover no? Kjem vi til å sjå fleire streikar?

— Under dei to streikane i Bergen var det veldig mange som ville melde seg inn i ein ungdomsorganisasjon eller -parti. Det viser at dei ikkje berre er elevar som vil skulke skulen, men at dei har eit engasjement dei vil halde fram med. No må vi halde klima på dagsordenen, ikkje la saka gå forbi som noko som blussa opp, men ikkje varte så lenge. Vi kan ikkje gi oss før vi ser gode nok tiltak for klimaet.

Vi planlegg allereie nye streikar. Eg håpar vi klarar å mobilisere like stort til dei neste streikane som dei som har vore, slik at vi viser at engasjementet stikk djupt hos mange unge. Dette er berre byrjinga. Så får vi håpe at vi ser nokre følger av det, då, at politikarane kjenner seg stilte til veggs for det dei gjer. Vi lar dei ikkje sleppe unna med fleire leitelisensar og liknande. Nok er nok.

Mer fra Portal