Aktuelt

Hva er en god julegave til en forsker?

Fysikeren, innovasjonsforskeren og religionshistorikeren svarer.

Julegaver

Kjære yngre forskere, jeg trenger julegavehjelp! I høst har jeg fått meg ny kjæreste, og hun er forsker (naturviter til og med!). Jeg er nyforelsket og har lyst til å gi henne en skikkelig fin gave til jul. Hva er en god julegave til en forsker?

Simen Ådnøy Ellingsen, fysiker

Her har jeg en viss erfaring, siden jeg selv har vært (og er) en slik naturviterforskerkjæreste. Jeg vil dele noen erfaringer fra et drøyt tiår med velment prøving og feiling fra min kones side.

Tidlig i forholdet tenkte min da nyforelskede kjæreste at det kunne være smart med sånne pusledingser av tre eller metall. Du vet sånne som ser uskyldige ut, men når du tar dem fra hverandre, er de dønn håpløse å sette sammen igjen. Vel, det var ikke vellykket. Som Selveste Forskeren på julefeiring med svigerfamilien, var det pinlig å være den siste som fikk det til, og da jeg spurte svigermor hvordan hun klarte det, og hun sa «det er jo bare å gjøre det», var ydmykelsen et faktum. Bare i mitt eget hode, naturligvis; ingen andre brydde seg. Men naturviterforsker som hun er, lever nok kjæresten din også for det meste i sitt eget hode.

En gave som gjorde lykke, derimot, var en hengekøye til å ha på kontoret. Den kunne legges sammen til en liten ball som passet i skrivebordsskuffen. Nå har NTNU den regelen at det ikke er lov å sove på kontoret utenom arbeidstid, så da får man ta lunsjpausen til hjelp.

Tavler er noe som aldri slår feil. Det bør være minst én hvit tavle med tilhørende tusjer i hvert rom. En forsker tenker best med en penn i hånden, og med tavler tilgjengelig kan hun tenke, tegne, rable og regne hvor enn hun er. Glem ikke toalettet! Tavler er også nyttige til beskjeder. «Restavfallet i søppeldunken, laptopen til jobben, ikke omvendt». «Husk å spise lunsj». Slike ting.

Men ingenting slår hjemmelaget. Som forsker er det én ressurs som er knappere enn alle andre: tid. Enhver julegave som giveren har brukt tid på å lage, gjør meg alltid rørt, og særlig dersom resultatet er litt på halv snei. En skeivt hekla gryteklut er verdt mer enn tusen dyre dingser for meg. Sannsynligvis er kjæresten din litt perfeksjonistisk, og da er symbolikken midt i blinken: «Kanskje jeg ikke er så flink, men for deg vil jeg prøve så hardt jeg kan.» Og i overført betydning: «Jeg elsker deg ikke for det du er flink til, men for den du er.» Se, det er hva en forsker trenger å vite! Og gir du bort to sokker i ulik størrelse eller en tegning av en syk gnu, gir du også kjæresten et samtaleemne å fylle pinlige stillheter med i årevis.

Marte C.W. Solheim, innovasjonsforsker

Hjarteleg til lukke med kjærast. Stas!

For nokre år sidan gjennomførte Chan og Mogilner eit forskings-eksperiment på faktisk utførte gåve-utvekslingar og såg nærare på kva type gåve var best egna til å styrke relasjonen mellom givar og mottakar. Her fokuserte dei på om det var snakk om materielle gåver eller opplevingar.

Studien synte at å gje ei oppleving i gåve førte til ei kjensle av sterkare band både hjå mottakaren og givaren. Og ikkje nok med det, forskarane hevdar at dette ikkje berre gjaldt om det var ei felles oppleving, altså der både mottakar og givar nyttegjorde seg av og opplevde gåva saman, men det same gjorde seg gjeldande om opplevinga vart opplevd berre av mottakar! Dette forklarar dei mellom anna med at emosjonar vert vekka til live gjennom sjølve opplevinga som rekk utover sjølve det å ta imot ei gåve.

Knytt til desse funna, og dessutan også til overforbruk generelt, så held eg ein knapp på ei oppleving: matkurs? Dansekurs? Kino? Konsert? Ein god middag? Glasblåsing? Dramakort? Vinterbading med etterfølgande badstove? Overnatting i skogen?

Vidare skriv du at kjærasten din er forskar, og i den siste tida har vi kunne lese at forskarar bruker langt meir tid på jobben sin enn «normalarbeidsveka» på 37,5 timar. Knyter ein dette til forskinga på gåver nemnt over, så er det kan hende ein fint å kunne få tankane til kjærasten din over på noko anna (enn forsking, om så for ei lita stund?). Gjennom ei kjekk oppleving de kan gjere i lag?

Til sjuande og sist så tenker eg at det handlar om kjensla av «å elske og å bli elsket», eller om å ta vare på gnisten i deg sjølv og andre, «å løfte og å bli løftet», som Bjørk Matheasdatter skildrar det so talande vakkert i bøkene hennar med same namn.

Nils Hallvard Korsvoll, religionshistoriker

Når Hilde Østby i serien Julegru har teke over som Morgenbladets frøken Anti Hjul, passar det fint for meg å få snu kappa etter vinden og heller prøve meg som Ø. Kvist, med salsglede og ein koffert som er julestinn – med jul for alle og med alt til jul!

Men kva er så den perfekte gåva? Ligg den under avdelinga Glitter og stas? Julemas? Eller kanskje under Null og niks, og tant og fjas? Som Marte er inne på, er forskarar òg menneske, så eit avbrekk frå laboratoriet kan vere (minst) like stas som eit flunkande nytt mikroskop.

---

UKENS SPØRSMÅL

Noen ganger virker det som en får helt ulike svar fra forskere avhengig av hva slags forskere en spør. For å sette galskapen i et tverrfaglig system vil vi i denne spalten stille det samme spørsmålet til tre medlemmer av Akademiet for yngre forskere, fra ulike fagdisipliner.

Flere spørsmål – og ikke minst svar – finner du her.

---

Saman med alle andre som har to studiepoeng i sosialantropologi, er det vanskeleg for meg å komme utanom Marcel Mauss sitt essay «Gåva» frå 1925 når det er snakk om nettopp gåver. Mauss søkjer her å forklare kvifor samfunn driv med noko så usjølvisk som gåver. Gåver gir jo ikkje meining om ein følgjer rasjonelle, økonomiske teoriar om at menneske handlar for å betre si eiga stilling og tilhøve.

Eller, det er nettopp det gåver gjer, finn Mauss i det han kallar ein gåveøkonomi. I gåva ligg nemleg ei sterk forventing om gjenyting, og dersom ein ikkje umiddelbart svarar med ei tilsvarande gåve, står ein i gjeld til gåvegivaren. Jamfør den søkkande kjensla når ein får julekort frå nokon ein ikkje har sendt til, eller, enda verre gåve, frå nokon ein ikkje har gitt til.

Somme kan innvende at eg no minner ein del om frk. Anti Hjul likevel, men Mauss legg vidare ut om korleis gåveøkonomien er ein viktig del av sosiale og familiære relasjonar. Dette er grunnen til at store livshendingar som fødselsfeiringar, overgangsritar og bryllaup, til dømes, alle ber med seg gåver. Gåvene bind oss saman, nettopp fordi det ligg forventingar i dei.

Som ei venninne alltid seier når me kranglar om kven som skal betale for kaffien: «Det skal alltid vere litt pengar uteståande mellom vener». (Dette er grunnen til at Vipps er ein uting og eit trugsmål for samfunnet – denne umiddelbare løysinga av ei kvar økonomisk plikt til andre kuttar banda mellom oss).

Så det ligg mykje i denne første julegåva. Du set tonen for kor du tenkjer de er og kor du ønskjer de skal i forholdet dykkar. Slik sett er dette eit glimrande høve til å kommunisere nettopp det. Ikkje finn ei gåve som er fin til ein forskar, men ei som uttrykker kor du er og kva du føler for henne. Kan hende de ikkje kjem ut heilt likt og ein av dykk blir ståande i gåvegjeld. Men det tyder i så fall berre at de har noko å jobbe med over nyttår òg.

God jul, og lukke til!

Har du spørsmål til forskerne? Send e-post til ukens@morgenbladet.no

Mer fra Aktuelt