Aktuelt

Våryr leser lurer på om hen egentlig er litt prippen

Religionshistorikeren, innovasjonsforskeren og kjemikeren svarer.

Det føles som alle rundt meg enten er i åpne forhold eller i forhold av ulik natur med flere mennesker, mens jeg sitter fast i det 20. århundret og sliter med å finne et menneske å være sammen med. Hva er det de har forstått som jeg ikke får til? Hva er polygami/polyamori?

Hilsen prippen(?) våryr

Nils Hallvard Korsvoll, religionshistoriker

For å starte med pedanteriet så vil polygami seie at ein har fleire ektefellar. Dette har vore vanleg i fleire kulturar og religionar, som oftast ved at menn kan ha fleire koner, men der er òg døme på at kvinner har vore gifte med fleire menn. Fleirkoneri er i dag er best kjent frå somme konservative kristne og muslimske grupper.

Polyamori, derimot, er eit nyare omgrep som peikar på ei rekke ulike formar for romantiske forhold, med fellesnemnaren at dei består av fleire enn to personar. Det kan vere opne forhold, forhold med tre eller fleire partnarar, eller andre formar for samliv og/eller varige seksuelle partnarskap som går utover det konvensjonelle parforholdet.

Det er lett å avskrive polygami som eit hedonistisk paradis for den eine parten og eit konkurransedrive helvete for dei andre. Det kan det nok vere, men denne førestillinga kvilar òg på orientalistiske idear. Det er lett å sjå føre seg sultanen og Sjeherasad, men slik keisarleg fleirkoneri handla meir om dynastisk arvefølge og alliansebygging enn seksuelle eskapadar (sjølv om dette sjølvsagt førekom). I andre sosiale lag handla fleirkoneri om sosialt ansvar og å sørge for kvinner og born, medan fleirmanneri, der det fanst, sikta mot fødselskontroll og å bevare eigedom.

Det handlar med andre ord lite om kjærleik når ein ser på samlivsordning opp gjennom historia, og det er der mykje av kritikken frå og motivasjonen for polyamori kjem frå. Som mange har peika på før meg, er romantisk kjærleik eit moderne fenomen, for ekteskap og samliv handla tidlegare om eigedom, slekt og arv. Når me no har andre institusjonar for å vareta dette i samfunnet, er det rom for andre former for forhold, samliv og kjærleik, som polyamorøse utforskar. Med tillit framfor tosemd, til dømes.

Så må me samstundes ikkje falle for vranglæra at ulike kjærleiksforhold og -relasjonar er noko nytt. I boka Sex og religion: fra jomfruball til hellig homosex er religionshistorikar Dag Øistein Endsjø innom ei rekke døme på ritual og livsførsel som vil gjere at du føler deg mykje meir prippen enn du gjer på grunn av dei polyamorøse du ser rundt deg no – eg lovar.

Marte C.W. Solheim, innovasjonsforsker

«Eg skuldar på dei siste tause månadane, men det er noko meir. Eg har ein fugleflokk i fingertuppane – brølande varm munn», skriv Marianne Clementine Håheim før diktet vidare tek oss inn i skildring av eit «røvardotterbehov» for å springe berrføtt inn i skogen og angripe frå alle kantar. Etter to år med varierande grad av koronarestriksjonar, kan ein oppleve at denne litterære referansen er meir treffande enn nokosinne.

Eit røvardotterbehov for å springe ut, danse, reise, klemme. Vere med dei ein er glad i, eller nokon ein kan kome til å verte glad i. Kjærleik kjem i mange fargar og fasongar. Dei som er polyamorøse, kan ha fleire kjærleiksforhold samstundes. Det kan opplevast som eit relativt nytt fenomen, men har røter langt attende, som til dømes i terminologi nytta i Robert Heinlein si novelle «Stranger in a Strange land» på 1960-talet, skriv Meg Barker i ein artikkel der ho undersøker korleis ein konstruerer polyamorøs identitet i ei monogam verd. I artikkelen kan ein òg lese korleis polyamori har potensialet til å sette søkelys på identiteten vår, og kan hende er det det du kjenner på sidan du skriv du er «prippen» og at det kjennest ut som «alle rundt deg» er i opne forhold?

---

Ukens spørsmål

Noen ganger virker det som en får helt ulike svar fra forskere avhengig av hva slags forskere en spør. For å sette galskapen i et tverrfaglig system vil vi i denne spalten stille det samme spørsmålet til tre medlemmer av Akademiet for yngre forskere, fra ulike fagdisipliner. Flere spørsmål – og ikke minst svar – finner du her.

---

Noko anna eg kom til å tenkje på då eg las spørsmålet ditt, var det sokalla «Baader-Meinhof»-fenomenet som oppstår i møtet mellom to psykologiske prosessar: selektiv merksemd og stadfestings-bias. Baader-Meinhof-fenomenet er ein kognitiv skeivheit som gjer at menneske har ein tendens til å sjå ei bestemt greie overalt etter at vi har lagt merke til det for første gang. Som når ein gravid person berre ser gravide rundt seg. Eller som at du er merksam på forhold og polygami/polyamori, og derfor berre ser folk som er saman med mange?

Elles så er det kan hende ikkje slik det heng i hop i det heile: at det er fordi du ser det overalt at du tenker på det? Det er det du som veit best. Kan hende finn du det ut gjennom introspeksjon i kombinasjon med å utnytte vårens lysare dagar og røvardotterdans i interaksjon med andre?

Bjarte Aarmo Lund, kjemiker

Biokjemien lærer oss om kjønnshormonene (testosteron og østrogen) og hvordan de driver sexlyst, og hvordan oksytocin blir produsert som en respons på berøring og nærhet og gir en følelse av velvære. Sammen gir disse molekylene en forenklet forklaring på forelskelse og den helt spesielle følelsen som det er. Men, du stiller jo et mer innviklet spørsmål enn som så: Hvorfor forblir noen i monogame forhold, mens andre vil ha forhold til flere?

En enkel videreføring av dette svært reduksjonistiske resonnementet er at vi blir avhengige av oksytocin-stimulien som nærheten gir, og at det binder oss sammen enda etter at følelsen av forelskelse svinner og gir oss kjærlighet. Men hva skiller monogame og polygame forhold?

Mange har studert prærierotter for å forstå denne forskjellen. Denne lille skapningen på 30 gram lever i monogame forhold. Evolusjonært sett er monogame forhold forbeholdt dyr der barna trenger to foresatte for å overleve. Det som gjør prærierotten så interessant, er at den har polygame slektninger som gjør det lettere å peke på genetiske forskjeller som kan være knyttet til monogami. Det studier viser, er at reguleringen av en reseptor for et oksytocin-relatert hormon, antidiuretisk hormon (ADH), er en av de klareste forskjellene.

Studier på mennesker viser videre at menn med spesifikke varianter av denne reseptoren er mindre tilfredse i monogame forhold. Som kjemiker kan jeg ikke si så mye om de sosiale og kulturelle aspektene, men det er tydelig at det også finnes en underliggende fysiologisk påvirkning.

Har du spørsmål til forskerne? Send e-post til ukens@morgenbladet.no


Mer fra Aktuelt